
Eit lesarinnlegg frå Surnadal senterparti
Lokalmedisinsk senter i Surnadal
Lokalmedisinsk senter er kommunale helsetilbod der kommunar samarbeider med spesialist-helsetenesta om tenester til pasientar før og etter, eller i staden for innlegging i sjukehus. Nokre stader kallar ein det distriktsmedisinsk senter. Senterpartiet i Surnadal går no til val på at vi vil arbeide for å opprette eit lokalmedisinsk senter i Surnadal.
Lokalmedisinsk senter i Surnadal
Lokalmedisinsk senter er kommunale helsetilbod der kommunar samarbeider med spesialisthelsetenesta om tenester til pasientar før og etter, eller i staden for innlegging i sjukehus. Nokre stader kallar ein det distriktsmedisinsk senter.
Kommunar og sjukehus må saman vurdere om delar av tenestetilbodet bør samlas i eit lokalmedisinsk senter. Nokre kjenneteikn ved eit godt lokalmedisinsk senter er at det:
· tilbyr heilskaplege og integrerte tenester før, i staden for og etter spesialisthelsetenester, basert på samanhengande pasientforløp
· legg stor vekt på eigenmeistring og tidleg intervensjon. Det inkluderer rehabilitering og lærings- og meistringstilbod
· legg vekt på tverrfaglig tilnærming
· inkluderer habiliterings- og rehabiliteringstenester, tenester til barn og unge, tenester til personar med kroniske lidingar, tenester til personar med kognitiv svikt.
(kjelde: Nasjonal helse- og omsorgsplan 2011-2015)
Senterpartiet i Surnadal går no til val på at vi vil arbeide for å opprette eit lokalmedisinsk senter i Surnadal.
Nasjonal helse-og omsorgsplan 2011-2015 peiker på at det er viktig å vurdere mulegheitene for å samlokalisere funksjonar for pasientgrupper som har behov for langvarige og samansette tenester. Samlokalisering av tenester synes å vere eit av suksesskriteria for å byggje opp døgnplassar i kommunane til observasjon, etterbehandling, lindrande behandling og habilitering og rehabilitering. Tverrfaglege ambulante team og lærings- og meistringstilbod kan også leggast til lokalmedisinske senter.
Ved å samlokalisere tenester kan brukarar og pasientar få forsterka oppfølging, og fagmiljøet blir større. Dermed blir kommunen sin mulegheit til å rekruttere personell styrka. Samlokalisering med desentraliserte spesialisthelsetenester kan ytterlegare bidra til å sikre befolkninga nærheit til nødvendige helse- og omsorgstenester. Spesialisthelsetenesta sitt rettleiingsansvar og tovegs utveksling av kompetanse, vil legge betre til rette for å sikre heilskaplege behandlingskjeder.
Avtalane mellom spesialisthelsetenesta og kommunane vil definere kva slags tenester som fins ved lokalmedisinske senter, og synleggjere partane sitt gjensidige ansvar for kompetanseoverføring og rettleiing. Tenesteinnhaldet må sjåast opp mot avstanden til næraste sjukehus og dei ordinære helse- og omsorgstenester i kommunen.
Lokalmedisinske senter vil kunne samarbeide med forskingsinstitusjonane, for å styrke forsking i den kommunale helse- og omsorgstenesta.
I Surnadal har Heimesjukepleia på bakgrunn av deltaking i eit forskingsprosjekt utarbeidd rutinar for pasientforløp som nettopp fokuserer på dei ovannemnte punkta. Ei styrking og utviding av tilbodet vil t.d. vere mulegheit for å tilby heimesjukepleie ved akutte pleie- og omsorgsbehov for alle innbyggjarar. Heimesjukepleia har spesialkompetanse innan kreft, diabetes, geriatri og psykiatri der eit samarbeid med 2. linetenesta kan vere med å utvikle eit lokalt poliklinisk tilbod.
Rehabiliteringsavdelinga har bygd opp ein solid kompetanse sidan oppstarten, og arbeider både tverrfagleg og med fokus på eigenmeistring. Ei styrking og utviding av tilbodet vil t.d. vere å kunne tilby tenester til alle aldersgrupper og til fleire kommunar.
Den nyoppstarta Frisklivssentralen arbeider også etter punkta over. Vaksne som slit med livsstilssjuksommar og treng hjelp til å endre livsstil, kan her få tverrfagleg og kyndig rettleiing og oppfølging.
Legesenteret er ei sentral brikke i helsetesta i Surnadal. Medisinfaglege vurderingar saman med sjukepleiefaglege vurderingar vil vere avgjerande når rett behandling og omsorg skal settast i verk. For å styrke og utvide det lokale tilbodet om observasjon og behandling, samt opprette eit døgnbasert akuttilbod, må ein ha mulegheit for fagleg forsvarleg medisinsk oppfølging. Ambulansetenesta og kompetansen dei innehar, vil og naturleg vere ein del av dette pasientforløpet.
Tilbodet til personar med kognitiv svikt etter rusmisbruk eller demensutvikling er i startgropa. Her er potensialet stort for utvikling, og ei styrking av tilbodet er satsing på kompetanse innan rus/psykiatri. Eit dagtilbod/avlastingstilbod for demente er noko det hastar med å få på plass.
Korleis blir da vårt lokalmedisinske senter? Vi må byggje vidare på det vi kan best, samle mest muleg av tenestene under same tak, satse på nokre polikliniske tenester og samarbeide på tvers av einingar, fag og 1. og 2.linetenesta.
Senterpartiet ønskjer å vidareutvikle ei god og framtidsretta helse- og omsorgsteneste i Surnadal.
Godt val!
Bernt Venås
Ordførarkandidat Surnadal Senterparti
Margrethe Svinvik
2. kandidat Surnadal Senterparti
Lars Polden
Listekandidat Surnadal senterparti