Lokalkunnskap styrker styringa av nasjonalparkane
Miljødirektoratet gjennomfører no eit forsøk der verneområdestyra blir utvida med brukar- og grunneigarrepresentantar. Evaluering av forsøket tydar på at dei nye medlemmane bringer inn verdifull lokalkunnskap, at deira synspunkt blir høyrt og at dei er dyktig til å formidle informasjon frå styra til andre som gjer bruk av nasjonalparkane og verneområda.
Frå 2009 har forvaltninga av nasjonalparkar og verneområde skjedd gjennom styrer samansett av lokale og regionale politikarar. I område der det er relevant, deltar også representantar oppnemnt av Sametinget. Lokal medverknad blir ivaretatt gjennom rådgjevande utval, breitt sett saman av ulike brukarinteresser. Oppgåvene til styra er å sørge for ei heilskapleg forvalting av områda, innanfor rammene av Naturmangfaldslova og verneforskrifter.
Forsøksordninga med brukar- og grunneigarrepresentantar i styra for nasjonalparkar og verneområde blei vedtatt av Klima- og miljødepartementet i 2016. Tre område blei valde ut; Trollheimen landskapsvernområde med grunneigarar, nærings- og interesseorganisasjonar i styret, og nasjonalparkane Jomfruland og Raet med grunneigarar i styra. Vi følgjer forsøksordninga på oppdrag av Miljødirektoratet, og har hatt sett nærare på kva som skjer med medverknad i dette første driftsåret. Våre konklusjonar er derfor av førebels art.
Medverknad dreiar seg om å ha innverknad på avgjerder. Her er det snakk om lokal medverknad, det vil seie medverknad frå aktørar som vernet vedkjem direkte. Det finst grader av medverknad, frå det å gje råd, informasjon og innspel, til det å delta som likeverdige partar i forvaltninga av eit verneområde. I det siste tilfellet inneber medverknad å dele avgjerdsmyndigheit i forhold som pregar eins eige liv eller lokalsamfunnet.
Når styra blir utvida frå å vere samansette av folkevalde til også å romme grunneigar- og brukarinteresser, viser evalueringa vår at kunnskapsgrunnlaget for styrearbeidet blir utvida. Grunneigarar og brukarar tar med seg lokalkunnskap – svært ofte erfaringsbasert kunnskap – inn i styra, noko som gjer at forvaltninga av verneområda flyt enklare. I eit av møta i verneområdestyret for Trollheimen oppstod det utfordringar i handsaminga av ei sak der reindriftsinteresser og friluftsinteresser var involverte. Dette blei løyst gjennom direkte kontakt mellom desse brukarinteressene, som førte til at saka fekk ei rask, praktisk og sameint løysing i løpet av styremøtet. Brukarar og grunneigarar opplever i stor grad reell medverknad, ved at deira innspel ofte blir høyrd og tatt omsyn til.
Det er ei krevjande oppgåve å representere brukarar og grunneigarar, ein er del av eit lokalsamfunn, og representerer meir enn sine personlege interesser. Grunneigarrepresentantane i Jomfruland nasjonalparkstyre framhevar at dei er demokratisk valde, og dermed representerer eit heilt lokalsamfunn. Arbeidsforma til grunneigarrepresentantane i nasjonalparkstyra for Raet og Jomfruland speglar også dette; dei er opptatte av å få fram ein heilskap, der ulike lokale interesser kjem til synes. I forkant av møta i styret er det grundige førebuingar lokalt, gjerne gjennom at grunneigarrepresentantane tar kontakt med etablerte lag og foreiningar for å hente inn synspunkt og innspel, som så blir brakt vidare til styret.
Å utvide styra med representantar for brukarar og grunneigarar inneber sjølvsagt også utfordringar. Korleis brukar- og grunneigarrepresentantar blir valde, og kven dei representerer, er eit særleg omdiskutert tema i områdestyret for Trollheimen. Dette styret forvaltar verneområde av stor geografisk utstrekning, og den pågåande diskusjonen dreiar seg om kva interesser og kva kommunar som er og som burde ha vore representerte i styret.
Ei spørjeundersøking til alle styra og rådgjevande utval i forsøksordninga viser at grunneigarar og representantar for brukarar har meir kontakt med dei interessene dei representerer enn det dei politiske representantane har. Særleg tydeleg er dette i forkant og etterkant av møta i styra, då det gjerne blir utveksla informasjon og synspunkt. Dette tydar på at forsøksordninga med brukar- og grunneigarrepresentasjon i styra involverer fleire aktørar og interesser.
Brukar- og grunneigarrepresentasjon i styra inneber ei deling av ansvar for avgjerder knytt til forvaltning av verneområda. Dette er ei anna, og meir direkte form for medverknad enn den som finn stad gjennom rådgjevande utval. I alle forsøksområda er det oppretta store, breitt samansette rådgjevande utval, som møter styra 1-2 gongar i året, for å drøfte og gje innspel til saker. Det er utfordrande å setje opp eit sakskart som famnar breitt og gjer representantane i utvalet moglegheit til å bidra med sin kompetanse. At møta er relativt sjeldne, bidrar ikkje til å skape kontinuitet i arbeidet.
Så langt viser følgjeevalueringa at forsøksordninga med grunneigarar- og brukarrepresentantar i nasjonalparkstyra gjev meir medverknad. Grunneigarar og brukarar deltar som likeverdige partar i forvaltinga av nasjonalparkar og verneområde, og bringer inn fleire synspunkt og interesser i styrearbeidet. Dei deler ansvar og avgjerder med dei folkevalde representantane i styra. I tillegg tar brukar- og grunneigarrepresentantar på seg ei anna viktig oppgåve; dei formidlar informasjon frå nasjonalparkstyra sine arbeidsområde til lokale brukarar og interessentar.
Tone Magnussen, Svein M. Eilertsen, Gunn E. Fedreheim, Aase K. Lundberg, Camilla Risvoll, Nordlandsforsking / UiT – Norges Arktiske Universitet