Lokalhistorisk vandring
Dei ca. 60 personane som møtte opp til Rindal Heimbygdlag si lokalhistoriske vandring søndag 30.06, fekk ein interessant tur i finveret. Turen gjekk frå Grønli om Elshaug og vidare etter gammelvegen til Landsem.
Før start ved Grønlivatnet fortalte Fredrik Løset om den store morenen som demmer opp vatnet. Edgar Landsem leidde turen og hadde fått med Nils Romundstad og Olav Elshaug som kjentmenn. Vi fekk og nytte av lokalkunnskapen til Jarle Hamnes og Jon Magne Elshaug.
Godt oppmøte ved starten.
Som vanleg på lokalhistoriske vandringar fekk vi høyre om gamle buplassar og folket som heldt til der. Denne vandringa var i tillegg meir variert. Da vi kom til Oppistu Elshaug, hadde Oddbjørn stilt ut samlinga av veteranmotorsyklar. Han tok og ein demonstrasjonstur på sin Indian. Da vi var framme ved Utistu Landsem, var Ingebrigt klar til å vise oss rundt i det nye fjøset. Vi fekk ei grundig og svært interessant orientering.
Elshaug, Oppistua og Nestua.
Tekst: Ann Grimsmo. Foto: Ann Grimsmo og Ragnhild Stavne Bolme.
Her er en bildeserie fra turen, du kan klikke bildene større: