Surnadal Kunstforening melder:
Lokale kunstnarar stiller ut i Galleri Finstuå
Surnadal kunstforening vil 3. september opne ei utstilling der medlemmane stiller ut. 13 av dei nærare 100 medlemmene i Kunstforeninga vil vise noko av det dei har arbeidd med i det siste.
Utstillinga Septembertreff 2016 opnar i Galleri Finstuå i Surnadal Kulturhus laurdag 13. september kl. 13.00.
Det vil bli stilt ut akvarellar, oljemaleri, akrylmaleri, foto og keramikk. Kvar utstillar får stille med tre arbeid kvar.
Utstillarar: Rannveig Brøske, Elisabeth Krogh, Anne Grete Kvendset, Anne Marie Rognskog, Berit Anne Botten Røkkum, Bjarne Stenberg, Eldbjørg Flatekval, Turid Villen Øwre, Gudrun Stølan, Anne Vognild Einum, Marianne Fjærvik, Målfrid Karlsen og Sissel Halset Storslett.
Opningsdagen blir det også Minikonsert med Alex & Gard.
Bildet øverst er frå utstillinga "Haustlys" i fjor.