Picasa

Litjsamvirke opna i Litjlarsstøggu

Lørdag var det opning av ny museumsbutikk på Rindal Skimuseum. Ny var den riktignok ikkje, for både vareutvalget og butikklokalet var gammelt, og butikk var det heller ikkje, for du får ikkje handle der, men utstilling var det!

Det skulle ryddast i kjellaren på COOP Prix Rindal, og da vart museet spurt om dei ville ha det som COOP ikkje ville ha, eller om dei skulle kaste det. Valget var lett, for museet hadde plass ledig i Litjlarsstøggu. Varene vart så reingjort, katalogisert, fotografert og digitalisert og utstilt.

IMGP5265.jpg

Sjølve opninga skjedde på rett måte med snorklypping og høgtidelege ord av Gunnvald Bøe, som hadde eit muntert kåseri om si tid som diskenspringar i Rindal.

IMGP5256.jpg

Gunnvald Bøe opna kåseriet sitt med å seie at han var glad for at han vart spurt om å kåsere og ikkje om å bli ein del av den faste utstillinga. Han såg både kundar og tidlegare kolleger i forsamlinga.

Han fortalte at han kom til Granlund, filialen i Romundstadbygda, hausten 1967. Så kom han på Samvirkelaget i sentrum, ein moderne butikk med sjølvbetjening og elektrisk kaffekvern. Han hugsa namna på mesta alle som arbeidde på Samvirkelaget da.

Som tidsbilde minte han oss om mjølka som vart seld i plastposar « - for eit søl,» sa han.

Han delte mange gode historier med oss:
- Ikkje alle historiene er like sanne, men dei er ganske gode, sa Gunnvald Bøe.

Sjåførane på Rindal Kommunale Auto var gode kompisar og samarbeidspartnarar når varer skulle sendast ut i bygda med mjølkebilen og skulebussen. Da var merking viktig. Nokre bølgeblikkplater var merka «Spiret». Kvar skulle dei? Dei skulle til taket på St.Peterskirken, visste Ottar. No veit vel berre dei godt vaksne kvar dette litt høge huset stod.

Språket var nok ei anna utfordring, men han hadde lært det meste. Han kjente framleis uttrykka turt, guste turt og så tå lagja turt, og han visste kvar inni, atti, oppi, uti og austi betydde. Når han skulle tørke støv på dei øvste hyllene, så måtte han hugse å bruke «øvermedlørva».

Utbygginga av Trollheim Kraftverk skjedde på den tida, og da var det mange brakkeriggar som trong forsyningar. Ein gong var det ein leveranse på 4 kg kaffe som vart glømt. Da ringte kokka! Han fekk det heilt klart for seg at han hadde gjort ein stor bommert.

Ein annan gong skulle han pakke ei sending etter notat frå Jon Dala (ein annan betjent). Den var prega av rask notering, men alt gjekk greitt bortsett frå ei line av det blå kulepennotatet. 2 pk av noko som berre såg ut som ein strek. Han måtte spørre Jon kva som stod der:

- Stjønna du ittj ta, gut! Ta e 2 pakka Blå Strek (Tobakkmerke)!

Det var ikkje ølsalg i butikken på den tida, men det var kassesalg på bestilling. For det arbeidet fekk han 2 flasker juleøl som julegratiale frå E.C.Dahl. Som fråhaldsmann tømte han flaskene i vasken på hybelen på Friborg. Somme meinte at det var alkoholmisbruk.

Etter at han kom ned på sentrum og på hybel der, så vart det meir sosialt liv, fotballtrening og litt kampar både på Troll-laget og Rindal.

Rundt StHans 1969 slutta han i Rindal, men denne korte tida har sett djupe spor i han. Når han no kjører gjennom bygda og tenkjer på gardsnamna, så er som å sjå for seg ei resultatliste frå eit skirenn, sa han.

- Oss sie de så son, avslutta han kåseriet med.

IMGP5259_690x460.jpg
Gunnvald Bøe fekk takk og takkegave, "samvirkeinnpakka", frå museumsledar Kari-Elin Bolme Løfaldli.

IMGP5269_690x456.jpg
Dørene opna til butikken!

2016-07-005.jpg
-  og inne møtte vi kjentfolk!

IMGP5273_690x457.jpg
Alle desse har jobba på Samvirkelaget i Rindal. Den som har jobba lengst, har 43 års teneste bak seg!

2016-07-004_690x388.jpg
-  men Blå Strek manglar!

2016-07-007_690x388.jpg
Kontoret

IMGP5271.jpg

Du må stikke innom her og sjå alle dei gamle, kjente varene!