Lite snø i Sletta
Opprettet: 21. jan. 2014
Opprettet av: Norunn Holten
Det er framleis for lite snø til å arrangere skitrim i lysløypa i Sletta, opplyser Bøfjorden i.l. og Bæverfjord i.l.. Medan vi ventar på snøen, oppfordrar skigruppene store og små om å delta på skitrim på Nordmarka torsdag kl. 18.00. Alle som brukar dei flotte løypene blir oppfordra om å betale frivillig løypeavgift ved skisenteret. Det vil også bli starta opp med skitrening for 2006-2008-årgangane. Dei som ønsker å delta, møter opp utanfor den nye smørehallen ved skisenteret kl. 18.00.