Logo Fylkesmannen i Møre og Romsdal_730

Lisensjakt på ulv i Møre og Romsdal

Rovviltnemnda i region 6 har opna for lisensfelling ulv i Møre og Romsdal vinteren 2015/2016. Kvoten på 2 ulvar er felles for Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Lisensjakta startar 1. oktober 2015 og varer til 31. mars 2016.

Rovviltnemnda har i vedtak 3. september 2015 opna for lisensfelling av inntil 2 ulvar i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Bakgrunnen for vedtaket er skader valda av ulv på sau i Sør-Trøndelag i beitesesongen 2015, samt skader i fjoråret både i Møre og Romsdal og i Sør-Trøndelag. Det er ikkje dokumentert at ulv har gjort skade i sauebuskapar i Møre og Romsdal i årets beitesesong.

 

Les meir på Fylkesmannens nettsider.