Lisensjakt på ulv i Møre og Romsdal
Rovviltnemnda for region 6 har i vedtak 26. juni 2014 opna for lisensfelling av 2 ulvar i heile Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Lisensfellingsperioden er 1. oktober 2014 til 31. mars 2015. Det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som melder om dette.
Vedtaket om lisensfelling av ulv er klagebehandla av Klima- og miljødepartementet. Departementet opprettheld vedtaket om lisensfelling i vedtaket datert 29. september 2014.
Klima- og miljødepartementet presiserar vedtaket på eitt område. Ved mistanke om at ein ulv i fellingsområdet representerar eit genetisk verdifullt individ, pålegg departementet Rovviltnemnda å oppheve adgangen til lisensfelling mellombels inntil DNA-prøve er tatt og analysert. Dersom DNA-analysen stadfestar mistanken om at ulven er genetisk viktig, skal nemnda vurdere andre løysingar enn felling.
Les meir om dette på www.fylkesmannen.no: Lisensjakt på ulv i Møre og Romsdal 2014/2015
Bildet over: Arkivfoto fra Naturakivet