LisbetLilly-Gunn

Lisbet Halle feira 100-årsdag

Torsdag feira Lisbet Halle sin 100-årsdag. Ho fekk helsingar både frå kong Harald og frå leiaren i Senterpartiet, Trygve Slagsvold VedumOrdførar Lilly Gunn Nyheim var også på besøk for å gratulere, skriv Todalen.no.

Lisbet har den siste tida budd på sjukeheimen i Surnadal, men tok turen heim til familien i Austistua for å feire den store dagen saman med slekt og venner.

Kongen hadde sendt brev til Lisbet med helsing, der det var ei kort helsing med gratulasjon på 100-årsdagen. Lisbet tykte at han kunne skrive litt meir, når han først var i gang, men sette stor pris på helsinga.

Helsing fekk ho også frå Trygve Slagsvold Vedum, som er leiar i Senterpartiet. Lisbet er landets eldste medlem i Senterpartiet. Leiar i Surnadal senterparti, Nils Håvard Øyås bar fram helsinga frå Slagsvold Vedum og frå det lokale partilaget saman med Ragnar Halle.


Trollheimsporten gratulerer jubilanten med vel overstått!


Les heile artikkelen på Todalen.no
 

Bildet over: Ordførar Lilly Gunn Nyheim kom med blomster til jubilanten.