Styrkår

Levande kulturvandring

Det var dei lokalkjente sannheitsvitna som gjorde turen til ein suksess da Senioruniversitetet for indre Nordmøre inviterte til kulturhistorisk vandring på Skei laurdag føremiddag. Personlege opplevingar og minne vart knytta til dei ulike stoppestadane på vandringa og levandegjorde ikkje minst dei mange minnesmerka som framleis finst frå krigens dagar på Skei.

Primus motor for kulturvandringa, Styrkår Brørs, hadde med seg gamle bilete frå fleire av stadane som vart besøkt. Her forklarer han for eit interessert publikum.

Kulturvandringa starta ved bunkersen ved kyrkjekontoret på Skei. Dette er ein av fire bunkersar som tyskerane bygde  i Skeiområdet under krigen, og eit besøk inn i denne bunkersen var det første høgdepunktet på kulturvandringa. Dei frammøtte hadde på førehand blitt oppfordra om å møte med lommelykt, og det var nok fleire som såg for seg at dei fekk bruk for denne bak dei to meter tjukke murane til bunkersen. Der tok dei feil!  Inne venta verken ei svart grotte eller gammel mugglukt, men kvitmåla, tørre rom med innlagt straum og vatn. Bygginga av bunkersen vart påbegynt i 1942, men den vart ferdig såpass seint at arrangørane ikkje visste kor lenge den var i bruk før krigen var over. Den fungerte som kommando- og radiobunkers, og eldre folk kan kanskje hugse radiomasta på haugen over bunkersen.

Frå Bårdshaugen gjekk turen mot det gamle Svorkabygget og Leitet, vidare ned og forbi Austistua og Utistua, til tunnelane i Igltjønnberga, via Røssmoen og Nordmøre Folkehøgskuøle og tilbake til Bårdshaugen igjen. Heile tida var det små stoppar, og stadig nye folk kom fram og fortalte om personlege opplevingar og minne frå ei tidlegare tid. Det var alle desse personlege vitnesbyrda var med på å gjera turen til ei så positiv oppleving, etter vårt syn. Inga historiebok, om ho er aldri så god, kan konkurrere med folk som fortel om eigne opplevingar knytta til ein plass tilhøyrarane befinn seg på. Styrkår Brørs, som budde på Nordmøre Folkehøgskule som smågut, opplevde at tyskerane overtok skulen, noko som medførte at han i fem år levde innanfor piggtråd. Han fortalte også om korleis familien, ikkje minst barna, vart vante til denne tilværelsen, men at dei somme gonger fekk ei påminning om kva situasjon dei var i. Eit døme på dette var då systra hans ikkje tok seg tid til å stoppe ved vakta, men sykla rett forbi og inn på området. Vakta, som kanskje var ny, fyrte av eit varselskot som minte ungane på at dei var i krig, og gav dei eit minne som sitt den dag i dag. Levande fortalte også Sven Ranes om si oppleving av den tyske invasjonen i bygda, da eit tysk fly kom ned dalen, svinga oppover igjen og skaut med maskingevær etter Rindalsbussen som var på tur opp dalen. Øyvind Holte fortalte om den tyske brakkebyen i Øyagardstrøa, og knytte fortid til notid ved å fortelje kvar det var blitt av bygningar derifrå. Sjukebrakka vart bygd opp igjen som Folkets hus, ei anna vart bygd opp igjen som klubbhus på Nymoen, og ei tredje som Trudvang. Slik kunne vi ha fortsett å skryte av dei som fortalte sine historier på vandringa. Alle som hadde ordet, viste at det er mykje kunnskap om tidlegare tider i lokalsamfunnet. Her burde det så absolutt vera mulegheiter, ikkje minst for skulen, til å levandegjera historia for oppveksande slekter.

Forutan bunkersen på Bårdshaugen, var også besøket ved kanonstillingane på Røssmoen og tunnelane i Igltjønnberga høgdepunkt på turen. Dessutan fekk tilhøyrarane ei innføring i meir generell historie for staden og forutsetningane for at overgangen frå jordbruksgrend til bygdeby starta. Styrkår Brørs trekte fram tre begivenheiter som kan ha hatt vesentleg betydning: For det første vart Folkehøgskulen bygd i 1919. Ein framsynt kar ved namn Ivar Holmeide bygde Surnadal hotell i 1930, og i 1933 vart Surnadal meieri opna. Da båttrafikken begynte å avta og biltrafikken tok over stadig meir, vart Skei i stadig større grad eit knutepunkt. Dette ser vi resultata av i dag.

 Ca 35 personar deltok på kulturvandringa, og hadde ein flott tur i solskinet på Skei denne laurdags føremiddagen. Vi har store forventningar til neste treff i regi Senioruniversitetet

 

 

 

Til venstre : Bildet vart tatt i stummande mørke inne i den eine tunnelen i Igltjønnberga. Blitzen får det likevel til å sjå ganske lyst ut, men vi forsikrar: lommelykt var abolutt nødvendig!

 Til høgre: Den eine inngangen til ein av tunnelane var ganske gjengrodd, så her kunne det nesten sjå ut som om ein kom rett ut av berget!

 

 

 

 

 

 

 

  Under: Per Arne Gjengstø orienterte i bunkersen på Bårdshaugen. Her ved sida av ein modell som viser korleis ein tysk soldat var kledd og utrusta da krigen starta.