
Lesarinnlegg om skulestruktur
I haustens budsjettdebatt har skulestruktur og skulenedlegging igjen blitt eit politisk tema i Rindal. Frå Elisabet Halgunset har vi fått dette lesarinnlegget. "Når ein skal diskutere denne saka er det viktig at ein hugser på å ta med heile reknestykket og er forsiktig med å stemme fram kortsiktige løysingar for å oppnå kortsiktig gevinst, " skriv ho.
Eit brev vedrørande drøfting av skulestrukturen i Rindal.

Skulestrukturen i Rindal skal drøftast og det er vel verken uventa eller noko dramatisk. Eg forstår at politikarane i Rindal må sjå på ulike løysingar for å sikre fortsatt god drift for oss som bor i kommunen.
Når ein skal diskutere denne saka er det viktig at ein hugser på å ta med heile reknestykket og er forsiktig med å stemme fram kortsiktige løysingar for å oppnå kortsiktig gevinst.
Som innflyttar til bygda og busett i Lomundala opplever eg øverbygda i Rindal som ein svært attraktiv og god plass å bu. Eit attraktivt arbeidsmarked i rimeleg omkrets, aktivt fritidsmiljø for ungane og ikkje minst eit svært godt skulemiljø. Eg er mor til to jenter som er elevar ved Øvre Rindal skule og ei som går i barnehagen ved Øvre Rindal. Barnehagen i øverbygda er samlokalisert med skulen og deler uteområde. Dette tykkjer vi er svært positivt. Skulen er fådelt og har idag 54 elevar fordelt på 7 trinn. Prognosane for elevtalet er forventa at kan bli mykje redusert i nær framtid. Skulen har oppnådd svært gode resultat i trivselsundersøkingar dei siste åra og gjeve eit opplæringstilbod eg som forelder på alle vis er svært godt fornøgd med.
Arbeidsmarkedet til rindalingane går i ulike retningar. For oss i øverbygda går arbeidsvegen for svært mange nordover til nabokommunane Meldal og Orkdal. Trafikken på arbeid nordover vil eg ikkje tru blir noko mindre i tida framover. Da vil det å mangle barnehage i øverbygda bli svært alvorleg. Rindal sentrum og Bolme vil ikkje vere eit fullgodt alternativ om du for eksempel skal på arbeid til Meldal. Svingen nedom Bolme med ein trøtt eitt-åring i bilen tidleg morgon eller sein ettermiddag blir ingen bagatell. Slik eg ser det, vil dette vere ein reell konekvens om oppvekstsenteret i øverbygda blir lagt ned. For unge barnefamiliar blir ikkje øverbygda lenger ein like attraktiv boplass. I alle fall ville ikkje eg oppleve det slik – når logistikken for familielivet ikkje vil vere like enkelt å få til å gå opp.
Det er eit problem når skulane blir vel små og kjønnsfordelinga på elevane på skulen blir vel skeiv. Det skal eg vere den første til å vere einig i. Samtidig skal vi som er foreldre vere klar over at vi kan påvirke mykje, kor positivt eller negativt dette skal opplevast for ungane våre. Meiner vi at det å vere den einaste jenta i klassen er eit problem, så vil eg tru vi kan lukkast godt med å få ungen vår til å oppleve det nettopp slik. Påvirkningskrafta vår for kor positivt eller negativt ein liten skule er for barnet vårt er enormt.
Dei aller fleste foreldre idag legg ned mykje energi i å investere i barndommen til ungane sine. Vi bruker mykje tid på å vere engasjert i skulekvardagen og fritida til ungene våre. Derfor køyrer vi ungene våre på fritidsaktiviteter til sentrum på ettermiddag. Vi ønsker at dei skal bli kjent og ha eit godt sosialt nettverk. Det er ikkje slik at ungane er framande, når dei tek til på ungdomsskulen i sentrum.
Det er viktig at politikarane i Rindal ønsker å arbeide fram dei beste løysingane for alle som er busatt i kommunen. Å legge ned skule og barnehage i øverbygda for så å vurdere utviding av barnehage i sentrum er i alle fall inga god løysing. Eg vil gå så langt å påstå at slike tankar, kor vinninga går opp i spinninga – i alle fall er eit hån mot oss som bur i øverbygda.
Når ein no skal drøfte skulestrukturen så vil det bli ei svært vanskeleg sak. Kjære politikarar som skal gjere dette: tenk grundig! Tenk konekvens! Ønsket er ei levande bygd der det også i framtida skal vere attraktivt å bu i grendene.
Med helsing Elisabet Halgunset
Dette lesarinnlegget finn du óg under menyen På porten - Leserinnlegg