Bjørn Tore 1_300x225

Lesarbrev frå Vestfold

Ein utflyttar som held fram med å følgje Trollheimsporten frå Vestfold, har sendt oss eit lesarbrev! Les det nedafor, og dei andre lesarbreva her!


 

Fakta, følelsar og Kleivafondet

Underteikna var blant dei som offentleg tok avstand frå uttalane Dordi Skuggevik Tande kom med etter Utøya-massakren og bombinga av regjeringskvartalet. Da gav ho i lesarbrevs form Arbeidarpartiet ansvaret for tragedien, og gjekk langt i å hevde at det som skjedde 22. juli var forståeleg.

Skuggevik Tande valde å svare på reaksjonane i hovudsak med utskjelling av meiningsmotstandarane. Ein fellesuttale frå formannskapet i Surnadal vart avfeid med «kunnskapsløshet fra dumme folk på kommunehuset» (sitat frå Tidens Krav 27. juli). Skuggevik Tande trua like godt med å politianmelde politikarane for trakassering og injuriar. Ifølgje det siste lesarbrevutbrotet burde ho også ha gått til ærekrenkingssak mot underteikna og Eivind Hasle, sidan vi i sommar skreiv innlegg som visstnok «nærmet seg et karakterdrap» på henne.

Men desse iltre utfalla frå Skuggevik Tande er ikkje anna enn tomme ord og tamme truslar. For dei endar opp i ingenting.

Det vart sjølvsagt inga politianmelding. Heller ikkje vart det noko av «trusselen» hennar om å gå i heime-eksil på Glærum eller flytte til utlandet.

Eg trudde debatten var avslutta (noko den også burde ha vore), men Skuggevik Tande klarar tydelegvis ikkje å bli ferdig.

Lesarbrevet hennar i Driva og TK 16. september med tittelen «Politiseringen av Kleivaprisen» er i det store og heile ei ny, lang remse med utskjelling av dei som har våga å meine noko anna enn Skuggevik Tande. Ho prøvar å plassere seg sjølv i martyrrolla, og fortener slik sett ikkje eit svar denne gongen.

Likevel er det nødvendig å rydde opp i faktafeil som Skuggevik Tande presenterer som sanningar i brevet sitt.

# Det blir framstilt som om Surnadal kommune tok pengane til Hans Hyldbakk og putta dei i eige rekneskap. Og at Hyldbakk plussa på Kleivafondet før han var klar over dette, men med dåverande kultursekretær Dordi Skuggevik Tande som forkjempar for interessene hans. Realiteten er at formannskapet hadde eksistert i fleire år som styre for Kleivafondet da Hyldbakk plussa på fondet, og dette skjedde etter at Skuggevik Tande hadde slutta i kommunen. Hans Hyldbakk hadde altså ikkje innvendingar mot at formannskapet var styre for Kleivafondet.

#) Skuggevik Tande hevdar det berre var tre representantar på hastemøtet der formannskapet vedtok uttalen mot henne. Dette er feil. Eit samla formannskap sto bak uttalen, som vart presentert av ordførar Mons Otnes (Ap), Lars Polden (Sp) og Stig Sæter (H) på den påfølgande pressekonferansen.

# Skuggevik Tande prøvar å framstille det som at formannskapet (eller rettare sagt: tre av representantane) gjorde eit vedtak der dei ville ta tilbake Kleivaprisen ho vart tildelt i vår. Dette har formannskapet aldri uttalt. Politikarane kan heller ikkje krevje at nokon leverer prisen tilbake. Spørsmålet om Skuggevik Tande burde returnere prisen, kom frå pressa mellom anna på bakgrunn av lesarinnlegg frå underteikna og Eivind Hasle. Formannskapet tok i sin uttale avstand frå Skuggevik Tande sitt lesarbrev i TK og Driva 25. juni, men lot det vere opp til hennar eige samvit å avgjere om ho ville levere frå seg Kleivaprisen.

Eg reagerer på at Dordi Skuggevik Tande dreg inn avdøde Olav Ormset i denne debatten. Ho framstiller det nærast som om den dåverande rådmannen overstyrte politikarar og administrasjon, og at han «tok» Kleivafond-midlane og gjorde dei til kommunen sine pengar. Dette er fullstendig urimelege påstandar, og det er ei skam at Skuggevik Tande prøvar å sverte avdøde Olav Ormset på denne måten.

Dordi Skuggevik Tande meiner Kleivaprisen må avpolitiserast og bli ei såkalla «objektiv stifting». Dette ut frå at det i ettertid vart kjent at enkelte av medlemmene i formannskapet stemte imot at Skuggevik Tande skulle få årets pris.

Etter mi meining er det eit sunnheitsteikn at eit fondsstyre kan ha tydelege diskusjonar om kandidatane til prisen. Formannskapet er ei brei samansetting av politisk valde personar, og representerer dermed folkemeininga.

Trur verkeleg Dordi Skuggevik Tande at alle andre styre enn dei politiske alltid vil ha einstemmige vedtak? Sjølv trur eg det vil vere meir diskusjon og ueinigheit dersom det til dømes er ulike kulturpersonar som skal vurdere kandidatar frå sine fagfelt.


 

Bjørn Tore Brøske