Leiteaksjon? Etter meg??
Har ein kar hundre sauer og mistar ein, vil han vera ivrig etter å finne att den han har mista. Og gleda blir tilsvarande stor når leiteaksjonen lukkast. Preiketeksta sundag frå Matteus 18 utfordrar oss til å gjera opp status: Går eg på den vegen som fører til livet, eller har eg rota meg bort på dei vegane som er ville? Det kan vera me må setja pris på å ha ein frelsar som leitar etter oss. Så får me gjerne unne han gleda når leiteaksjonen lukkast. Preika i Rindalskyrkja denne sundagen og bilde av dåpsfølgjet ser du nedafor!
Preika, Rindal kyrkje 23.06.13.
Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer og ein av dei går seg vill, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som er komen på avvegar?
Sanneleg, eg seier dykk: Skulle han finna sauen, då gler han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje gjekk seg vill.Slik vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal gå tapt.
Syndar bror din *mot deg•, så gå til han og still han til ansvar på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din.Men vil han ikkje høyra, så ta med deg ein eller to til, for etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak vera avgjord. Høyrer han ikkje på dei, så sei det til forsamlinga. Men vil han ikkje høyra på forsamlinga heller, skal han vera som ein heidning eller ein tollar for deg.
Sanneleg, eg seier dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen. Matt 18,12-18
Tanken slår meg når eg les dette stykket frå Matteusevangeliet: Du verden kor mykje enklare det er å handskast med sauer enn med folk!!
Sauer er alrighte dyr og ferdig med det. Folk er folk og ikkje til å bli klok på – korkje om ein skal granske seg sjølv eller kvarandre.
Samlar me ikkje på sauer, samlar me gjerne på eitkvart anna. Det kan vera sølvtøy til så og så mange kuvertar eller besigra fjelltoppar over 1000 meter. Det kan vera ein personleg rekord mht kor fort og langt me klarer å bevege oss eller kor mykje me kan skaffe oss i lønn. Det kan vera jakt etter trofè eller vener … det er igrunn alt.
Det ligg til oss menneske å ville ha alt og ha kontroll på alt me har. Dermed seier det seg sjølv at det blir vanskelegare dess meir me har: Sølvtøy til 24 er dobbelt så brysomt som om ein «berre» har til 12. Å bestige så og så mange fjelltoppar og setja den og den rekorden kan munne ut i meir stress enn turglede. Folk som arbeider kun for lønna og eigen status er dryg å ha med å gjera. Trofè er det delte meiningar om, og dette å ha ein uoversiktleg omgangskrets er vel heller ikkje noko å stri etter.
Kva skal me med alt? Det er mesta så ein kunne ønske seg tilbake til den tida då nittini sauer var for lite og hundre sauer var nok.
Og vidare: Var det ikkje enklare før, då me visste og lærte både heime og på skulen kva som er rett og kva som er gale?
No skal me lære om toleranse og humanistiske verdiar, men kva er det? Er det å ha berre Gud til Gud, er det å halde kviledagen heilag, er det å ikkje stela og ikkje lyge? Og når vart det umoderne å heidre sin far og si mor?
Jesus fortel om å tala til rette. Har bror din synda mot deg, så tal han til rette. Duverden, er det så enkelt?
Nei, det var ikkje berre enkelt å tala nokon til rette før i tida heller. Det kunne vera at fleire måtte koma med å høyre kva som vart sagt. Endå til kunne saka takast opp i forsamlinga. Og vart det ikkje stell på sakene der heller, skulle denne fortapte syndaren reknast som fortapt.
Fordi det som er bunde på jorda skal vera bunde i himmelen og det som er løyst på jorda skal vera løyst i himmelen.
Høyrer me kva Jesus seier? Høyrer me at han seier noko om at måten me steller oss i dag får konsekvensar for korleis det blir seinare? Høyrde me det?
Jesus formanar oss til å vende om, til å skifte veg – til å koma oss inn att på den vegen som fører til frelse.
Moralske spørsmål er ikkje lengre relative, glidande eller sleipe. Korleis me tenkjer og trur, kva me gjer og korleis me lever har i største grad betydning for både oss sjølve, for dei som står oss nær, for dei me måtte forsømme og for han som aldri gir opp å leite etter oss.
Eg vil meine me veit det med oss sjølve kva flokk me høyrer til – om me er med i den flokken som tilber Jesus i ord og gjerning, eller om me er den eine som har forvilla seg bort.
Jesus gjev aldri opp å leite. Så lenge det er pust i oss, er det også håp.