«Learning by doing» på Farmen Dragset
Onsdag avslutta 7. klasse ved Bøfjorden og Bæverfjord Oppvekstsenter årets Farmen-program. Dei åtte elevane og lærarane Lisa Forslund og Bodil Kvam Aasbø har all ære av flott innsats.
Engelskmennene har tru på «learning by doing». Eit gammalt kinsesisk læreprinsipp seier noko slikt som: «Det du hører, glømmer du. Det du ser, kan du forstå. Men det du gjer, blir ditt eige!»
Prosess
Motivert av eit populært TV-program byggjer det lokale undervisningsopplegget Farmen på litt av same filosofi. Barna og lærarane bur på garden, lever og arbeider i pakt med naturen og med solide prinsipp for læring og samhandling. Sjansen for neetopp å få eit eigarforhold til kunnskapen er dermed til stades i høgaste grad.
Farmen i opplegget er den fråflytta Nestua på Dragset. Og alle produkt er henta i hagen, åkeren, skogen og i kufjøset i Oppistua, som er andre delen av garden. Elevane utførte heile prosessen fram til alle matvarer stod på bordet.
Mentorane skapte spenning
Inger Lise Heggem frå Åsskard Bygdekvinnelag og underskrivne, frå Bøfjorden Historielag, fekk gå til dekka bord som «mentorar» tysdag kveld. Vi fekk smake og bedømme elevane sine eigne produkt og prestasjonar - spannost, surdeigsbrød og mølsgraut, solbærsaft og karamellar, grønsaker, sopp og poteter. Tenkt - over 40 kg poteter var tekne opp, vaska og pakka i 2-kilos posar for sal!
Vi inspiserte også senger og soverom grundig. Etter endt kontroll og smaking var sjølvsagt spenninga stor. Ville alt bli godkjent? Var mølsgrauten passe søt? Var karamellane for harde? Enn spannosten som dessert? Og tru om soveromma var bra nok oppreidde – var det same standard som det krevst i militæret?
Mentorane heldt korta tett til brystet nokså lenge. Spenninga var til å ta og føle på ... Men som eine mentoren sa: - Soveromma her var minst like bra som heime! Og betre mølsgraut enn dette var det berre ein som kunne laga der i bygda, meinte dei to.
Med andre ord: Alle hadde bestått! Og da sat jubelen og applausen i veggene!
Hjort og sagbruk og Coop
Onsdag var det å handtere hjortekjøtt frå eige jaktterreng. Noko skulle pakkast og frysast, noko vart mole og miksa til kjøttdeig.
Etter svipptur innom Bøfjorden Sag bar det bokstaveleg tala til «markedet» med produkta. Coop Marked på Bølandet hadde storinnrykk av interesserte og imponerte Farmen-kundar. Det fall mange lovord om elevar og lærarar for både innsats og resultat.
Kanskje kunne fleire arenaer vore tilpassa og bruka til liknande opplegg. Kva med «Fabrikken», «Fjord og fisk», «Transport» eller «Butikken»?
..............................
Ingressfoto: Sjuandeklassingane samla ved langbordet i Nestua. Frå venstre Asbjørn, Håkon B, Ine Marie, Jakob, Elisabeth, Kåre Magnus, Niklas og Håkon LP. (Foto: Bernt G. Bøe)
Lærarane Lisa Forslund (t.v.) og Bodil Kvam Aasbø hadde hendene fulle – men med stålkontroll. (Foto. Bernt G. Bøe)
Stor spenning når mentorane Bernt og Inger Lise testar solbærsafta, spannosten og dei andre godsakene. (Foto: Bodil Kvam Aasbø)
Trauget med grønsaker skulle fyllast etter strenge reglar – og vart skikkeleg fint! (Foto: Bernt G. Bøe)
Veret skifta over Nestua desse Farmen-dagane. Regnbogen glytta også fram. (Foto: Bodil Kvam Aasbø)
Innsendt av Bernt G. Bøe