Latterleg på kulturhuset
Honningsvågrevyen kjem til Surnadal med ei blanding av gamle glansnummer og nokre nye innslag med humor og galskap. Honningsvågrevyen har vorte eit fenomen og den nordnorske humoren har fått publikum frå heile landet til å vri på seg lattermuskelplager og andre lystige seinskadar.
Fem manns sterke Honningsvågrevyen fekk sitt nasjonale gjennombrot med «Fresk, Frank og Freidig» for femten år sia. Og etter sterkt påtrykk frå publikum, dukkar fleire figurar derifrå opp igjen på Surnadal kulturhus på laurdag.
Men tida har ikkje stått stille sia da, så det vil også dukke opp nokre utemma, eller i det minste halvville, figurar av nyare dato i tillegg.