Anni Karlstrøm

Lars Jakob vart årets avløysar

Lars Jakob Løset, årets avløser 2013 .jpg

Under haustsamlinga for Norske Landbrukstenester på Rica hell Hotell 23. oktober vart rindalingen Lars Jakob Løset kåra til årets avløysar i Møre og Romsdal. Prisen bestod i klokke, diplom, blomster og gode ord. Det var to rindalsbønder som foreslo Lars Jakob til prisen. Han er tilsett i 50% stilling ved Indre Nordmøre Landbrukstenester i tillegg til at han arbeider som avløysar i Rindal. Trollheimsporten gratulerer med velfortent pris!

 

Det var to bønder i Rindal, Trond Olsen og Steinar Flåtten,  som kom med forslag på Lars Jakob. Dei har hatt han som avløysar i mange år, og var tydelegvis svært godt fornøgd med avløysaren sin. Styret i Indre Nordmøre Landbrukstenester nominerte han vidare til valgnemnda i Møre og Romsdal. Dei instilte han som årets avløysar frå vårt fylke.

 

Sjå også sidene til Indre Nordmøre Landbrukstenester som er medlem av Trollheimsporten

 

 

Foto: Anni Karlstrøm