Lansering av "Hæmlengtfjor`n; perler frå pappkassen"
«Hæmlengtfjor`n» heiter den nye diktboka som Dordi Glærum Skuggevik har gjeve ut. Dette er ei samling dikt som Ingeborg Solem f. Sivertsdatter Glærum (1880-1962) eller berre «Tante Borg», har skrive.
Bildet over: Dordi G- Skuggevik og Henning Sommerro gjev ein smakebit frå boka, heime hjå førstnevnte på Glærum
Ho skreiv dikt gjennom heile livet både på bokmål, nynorsk og dialekt. Ho laga òg melodiar til fleire av dikta, noko som kan seiast å vera uvanleg av ei kvinne på den tida. Dessverre har omlag 15 melodiar gått tapt, men Henning Sommerro har sett opp om lag 30 av hennar melodiar samt at han har laga eigne melodiar på nokre dikt. Boka inneheld òg mange bilete av folk og hendingar som gjer at det er lett å leva seg inn i tekstene og tida «Tante Borg» levde.
I boka følgjer det òg med ein CD som dialekttekstene er innlest på.
Diktene er av høg kvalitet og tek oss med tilbake til tidlegere tider og ei sterk kvinne som hadde ein usedvanleg evne til å sette ord på tankar, verdsituasjon, dei daglegdagse ting, ja sjølve livet!
«Heilt unikt!» seier Henning Sommerro. «Det vitnar om ei heilt spesiell dame med usedvanlege evner», fortset han entusiastisk og seier at dikta kan seiast å vera sjeldant godt handverk.
Dordi G. Skuggevik fortel at arbeidet med boka har krevd mykje arbeid for det har vore mykje stoff å ta tak i, både bilder og tekst og takkar samtidig Henning Sommerro for å vera ein pådrivar for prosjektet.
- Det mått jærrast færre e bli fær gammel, seier ho og skrattar godt.
Boka har vorte eit smykke både i utsjånad og innhald og kjem heilt sikkert til å liggja under mangt eit juletre. Det fortener den.