Kristen og laks

Knallstart

Laksesesongen er i gang

Sjølv om laksegeneral Øyvind Holte meinte det var litt lite vassføring i elva no, tok det berre tre minuttar etter at raketten som markerer starten ved midnatt var fyrt opp før første laksen satt på flua!

-Typisk Surnalaks

Kristen Mogstad trong altså berre tre minuttar, altså kl 00.03, fekk han laksen til å bita. Fisken vart landa i Korsa-hølen på Honnstad og vart estimert til å vera rundt 6-7 kg og vart teken på flue -Typisk Surnalaks, lang å grainn, var beskrivelsen Mogstad hadde på fisken. Det blei altså ein knallstart på årets sesong! Etter at Mogstad hadde landa laksen, åpna himmelens sluser seg og vi fekk eit skue med lyn og torden! Det hjelper vel på vassføringa i elva, noko som lovar godt for det vidare fisket.

Ung fiskar

Ein av dei vi møtte på elvemelen var fjorten år gamle Lars Holte. Sin unge alder til tross, kunne han fortelja at han allereie hadde fleire år bak seg som fiskar i elva og at han i fjor landa ein laks på 9 kg. På spørsmål om det ikkje kom til å gå utover skuledagen i morgon, svara han: - Det e nå gauar å fesk!

Lars Holte.JPG
Ung laksefiskar: Lars Holte i full fiskarmundur!
Lars og far.JPG
Far Jon Olav Holte hjelper sonen Lars med vadarane...

Lars og bestefar.JPG
...og bestefar Øyvind Holte hjelper til med valg av sluk. Kopparfarga 18grams møresild med svart rand blei valget!

Brekkøya folkeliv.JPG
Mange skodelystne hadde teke turen til Brekkøya Camping for å overværa åpninga.

Drone.JPG
Eirik Strøm flaug med drone og filma elva og folket.

Rakett.JPG
Øivind Holte hadde nedtelinga, mens campingvert Gerald Grewe fekk oppdraget om å tenne lunta på raketten som markerte starten på laksesesongen.

Kaffekanna.JPG
Svartkjelen sto klar, men på grunn av bålforbud vart det kaffe frå termos istaden.

Fisken.JPG
Årets første Surnalaks.