Ei folkemusikalsk forteljing for alle!
Laget Vårsøg presenterer Lussi Langnatt
Laget Vårsøg minner om Lussi langnatt, ei annleis og spennande musikalsk juleforteljing, i kulturhuset på den lengste natta i året etter gammel kalender, på sjølvaste Lussinatta mellom den 12. og 13. desember.
Henning Sommero signerte sist helg si eiga juleplate: Lussi langnatt med materiale frå Surnadal og landet forøvrig frå førkristen og overgangen til kristen tid. Den tida folk frykta Lussi som rei først i Åsgardsreia og kom til gardane for å kontrollere at alle var ferdige til jul. Folk trudde at om dei ikkje var ferdig med juleførebuingane, kunne Lussi bli sint å gjera dei ille.
I denne framsyninga, som dei kaller ei folkemusikalsk forteljing, er det Anne Kleivset som fortel medan Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Carl Haakon Waadeland og Benedicte Maurseth, alle høgt respekterte kunstnarar, talar, spelar, syng og fører fram materialet frå den nye plate. Under framsyninga får du med anna høyre tekster av Olav Duun, tolka og lese av John Pål Inderberg på sin lune, humoristiske og underfundige måte. Laget Vårsøg presiserer at denne framsyninga passar for alle i alle aldrar.
Vi meiner vi kan trygt seie at alt kan hende med denne gjengen på scena i møte med dette dramatiske stoffet!
Laget Vårsøg legg opp til ei triveleg førjuls- og konsertstund i foajeen på kulturhuset med god hemiebakst, kaffe og saft. Etter konserten blir det CD-sal og signering.
Ovanfor: Patrick Reurink, Henning Sommerro (kunstnerisk leiar, i kunstform) og dagleg leiar Gerd Ingrid Kvendset frå laget Vårsøg.