Surnadal Ap har stand på Laksefestivalen
Lærerik omvisning i Surnadal
- Veldig lærerikt og interessant, seier stortingskandidat Fredric Holen Bjørdal (Ap) om omvisninga han fekk i Surnadal fredag. Holen Bjørdal er 23 år frå Ørsta, til dagleg miljøterapeut i barnevernet, og aktuell som Arbeidarpartiet sin 2. kandidat til Stortinget. Her saman med to andre kandidatar - Tove-Lise Torve og Else-May Botten.
- Då Surnadal Ap inviterte meg til kommunen, takka eg ja med ein gong. Det er viktig for meg å vite mest mogleg om fylket eg forhåpentlegvis får representere på Stortinget til hausten, og eg har berre vore i Surnadal ein gong før, seier Holen Bjørdal.
Drive politikk lenge
Den unge politikaren har nettopp gjort frå seg ein bachelorgrad i planlegging og administrasjon, og har trass ung alder drive med politikk i ei årrekke. Han har eit breitt interessefelt, noko bedriftene han har besøkt speglar. I løpet av fredagen har han besøkt Svorka Energi, Surnadal Kulturhus, og han har fått ei orientering frå Elveeigarlaget om situasjonen for villaksen og revisjon av konsesjonsvilkåra for kraft.
Krav til kraftprodusentane
- Elveeigarlaget var veldig tydelege i sin bodskap om at vi må ta vare på villaksen som art, og stille krav til kraftprodusentane og og havbruksnæringa. Dette er viktige innspel som eg set stor pris på, og eg lovar å ta med meg omsynet til laksen og miljøet i mitt politiske arbeid, avsluttar Holen Bjørdal engasjert.
Stand på Laksefestivalen
Lilly-Gunn Nyheim i Surnadal Ap seier at det er viktig å vise fram ungdomskandidaten i partiet, og at ein er stolte av politikaren som etter alt å dømme blir stortingsrepresentant til hausten.
Arbeiarpartiet har stand på Laksefestivalen, og i dag laurdag blir stortingsrepresentant Tove-Lise Torve å treffe der, og i morgon søndag kjem Else-May Botten.