Politiet på besøk ved Surnadal ungdomsskule:
Lærer ungdommar om deling på nett
Poltiet har i år lansert det nasjonale undervisningsopplegget "Delbart?", som skal førebyggje deling av seksualiserte bilete og videoar blant ungdommar. Måndag heldt poltiet opplegget for elevane ved Surnadal ungdomsskule, og undommane let seg tydeleg engasjere.
Ifølgje Medietilsynet sin Barn- og medier-undersøkelse i 2018, har 13 prosent av alle barn i alderen 13-18 år delt nakenbilete av seg sjølve på nett i løpet av det siste året.
Politiet ønskjer å hindre at prosentdelen aukar, og eitt av verktøya deira i dette arbeidet er undervisningsopplegget "Delbart?", som er utvikla av Kripos.
Målgruppa for opplegget er hovudsakeleg ungdom i alderen 13-16 år, samt foreldra deira. Deltakarane får lære meir om at produksjon, oppbevaring og deling av seksualiserte bilete og videoar ofte er straffbart.
- Ulovleg deling av bilete blant ungdommar er eit samfunnsproblem. Med undervisningsopplegget "Delbart?" vil politiet gje ungdommar kunnskap til å ta gode val for seg sjølve og andre, seier sjef i Kripos, Ketil Haukaas til Politiet.no.
Engasjerte elevar
Måndag fekk elevane ved Surnadal ungdomsskule besøk av Helge Berg og Åse Berit Løseth frå Surnadal lensmannskontor. Først ut frå morgonen av var 10. trinn, før 8. og 9. trinn var gjennom "Delbart?"-opplegget etter lunsj.
Og ungdommane let seg tydeleg engasjere av det interaktive undervisningsopplegget, der dei fekk sjå den fiktive karakteren "Kaisa" på 15 år møte ulike utfordringar og dilemma angåande deling av bilete på via sosiale medier.
Elevane svara ivrig på spørsmål, anonymt via mobiltelefonane sine, om kva dei meinte hovudpersonen burde gjere, samt kva norsk lov seier om dei ulike situasjonane.
10. klassingane stilte politiet fleire spørsmål frå salen, og svara samstemt "Ja" på spørsmål om dei fann opplegget interessant.
Når både ungdommar og foreldre
Opplegget elevane var gjennom måndag var berre første del av "Delbart?". Torsdag er det klart for andre og siste del. Då er det foreldregruppa som skal i elden, og diskutere dei same problemstillingane som barna deira gjorde måndag. På foreldremøtet skal politiet og presentere resultatet av spørreundersøkinga blant elevane for foreldra.
Helge Berg og Åse Berit Løseth understrekar viktigheita av opplæring om temaet.
– Vi ønskjer å sette fokus på deling av bilete og videoar, og lære ungdommar om grensene mellom kva som faktisk er lov og ikkje lov. Gjennom dette opplegget lærer dei og om kva som er lurt og ikkje lurt, og det er og veldig viktig. For det er jo ikkje slik at det at noko er lov, betyr at det er lurt, seier Berg, og får støtte av kollega Løseth:
– "Delbart?" er eit veldig bra og godt tilrettelagt opplegg. Vi har hatt foredrag om dette temaet før, men vi ser at vi får ein heilt annan respons når ungdommane får svare anonymt via mobiltelefonane sine.
Dei to er klare på at det er heilt nødvendig med opplæring og førebygging om deling av bilete og videoar på nett, og at det er viktig å nå både ungdommar og foreldre.
– Og opplegget som Kripos har laga er rett og slett veldig godt, for begge målgruppene, så då er det ei takknemleg oppgåve for oss å halde det, seier Berg.
Poltiet har planer om å gjennomføre det same opplegget i Rindal.
Helge Berg og Åse Berit Løseth oppmodar ungdommane til å tenke seg om før dei tek, har eller deler bilete på nett.
– Vi ønskjer å sette fokus på deling av bilete og videoar, og lære ungdommar om grensene mellom kva som faktisk er lov og ikkje lov, seier Helge Berg.
– "Delbart?" er eit veldig bra og godt tilrettelagt opplegg. Vi har hatt foredrag om dette temaet før, men vi ser at vi får ein heilt annan respons når ungdommane får svare anonymt via mobiltelefonane sine, seier Åse Berit Løseth.
"Delbart?" er eit nasjonalt undervisningsopplegg, utvikla av Kripos.