La myra leve
Eli Vullum Kvande, leiar av Innbyggarutval for biologisk mangfald, leda samlinga om markaslått på Vaulen laurdag. Ho orienterte også om arbeidet i dette nye utvalet, som betyr at Surnadal kommune tek naturen på alvor. Ho var opptatt av samspelet mellom dyr, insekt og planter, og at god skjøtsel gjev godt resultat.
- Vi må ta vare på naturen vår, for den er livsgrunnlaget vårt, sa ho. - Samspelet mellom levande vesen i naturen kan vi aldri kopiere.
Mellom Krokvatnet og Solåsvatnet på Nordmarka ligg den fråflytta garden Vaulen. Det var gardsdrift her til 1717. Mo er det Surnadal kommune som eig garden, som er på 7000 dekar. Engelskmannen James Lawrence Chaworth-Musters åtte garden fram til 1948. Familien Musters hadde eigd garden frå 1895.
For å komme til Vaulen må du gå ca 4 km frå parkeringsplass ved Krokvatnet via Dalsegglia, eller parkeringsplass ved Solåsvatnet via Nordmarka. Merkinga av vegen kan bli betre, i alle fall frå Krokvatnet.
Vel framkomne var det å skrive seg inn i manntalet hos Eli Vullum Kvande!
Hugo Pedersen ønska velkommen til slåttadag på Vaulen på vegne av Surnadal kommune. Han nytta samtidig høvet til å rette ein varm takk til foreininga Vaulens Venner med Even Sande i spissen for arbeidet dei legg ned for å halde denne naturperla vedlike.
Pedersen ønska at det biologiske mangfaldet og kalkåra ein har i området rundt Vaulen kunne bli betre markedsført som ei merkevare for Surnadal.
Trass i usikre vermeldingar og andre arrangement, var det rundt 30 personar som besøkte Vaulen denne laurdagen.
Surnadal Bondekvinnelag sørga for at gjestene fekk kjøpe seg kaffe og bakels med både graut og syltety på.
I tillegg til å møte som varaordførar, kunne også Hugo Pedersen, som gardbrukar på Alvstua Fiske, fortelje om seterdrift og bruk av slåttamark på Nordmarka. Garden har hatt seter på Nordmarka frå 1700-talet.
Musters sjølv står også på tunet
Tidleg på 1900-talet setra dei på Vaulen under Musters for å halde landskapet fint. Pedersen fortalte at Musters var særleg interssert i bjørkmusa, og han betalte folk for levering av levande eller døde bjørkmus. Bjørkmusa er eit lite og interessant dyr. Det søv i dvale 8 månader av året og har ein hale som er lengre enn kroppen. Eit anna kjenneteikn er den mørke stripa etter ryggen. Medan markmusa frøser og bit, så er bjørkmusa heilt tam og roleg.
Sjå denne artikkelen på Trollheimsporten!
Utistu Moen sætra her i krigsåra og Per Moen har skrive ned mykje om dette og livet i -30 – 40-åra. Dei kunne vere på setra i 6 – 7 veker, og turen tok 4-5 timar med krøttera. Med 7-8 kyr som skulle handmjølkast kvelds og morgon, jaging av dyra ein halvtime frå setra unna slåttemarka og vasking, ysting og kjerning, hadde dei nok å gjere på sætra. Likevel vart det tid til litt fisking, og kanskje litt romantikk(?).
Når dei var ferdig med slåtten heime, sto markaslåtten for tur. Slåttakarane gjekk først med ljåen, kvinnfolka etter på raka graset til fine breier som var lette å snu etter at dei hadde tørka på eine sida.
Det tørre høet vart raka saman til kjemmer, bører som så vart bore i hus, i fjøs eller løe. Det var bruk som hadde meir høy i marka enn heime på garden.
Om vinteren kom den strevsame turen frå dalen inn på marka etter høyet. 3-4 mil enten rett over marka eller opp Dalsegglia til Krokvatnet og vidare etter isen. Opp i 4-tida og heim att etter ein 12-timars tur. Ein måtte lesse på fort, og store lass, for det var lett terreng. 25 vinterlass ned dei bratte Dalseggliene kunne tilsvare 100 sommarlass.
Forsamlinga flytta seg så til ei myr nedafor Vaulen, der professor emeritus Asbjørn Moen fortalde oss om myr som bitop.
Asbjørn Moen stammar frå Åsskard, vaks opp i meieristyrarbustaden i Rindal, privat realskole i Surnadal, gymnas og studium vidare i Trondheim og hadde eit yrkesliv tilknytta NTNU resten av livet.
Med hytte på Nordmarka og sterkt tilknytta klimastasjonen i Tågdalen. Han skreiv hovudfagsoppgaven sin om myrane på Nordmarka, og kjenner området godt etter 50 års studier av området.
Han delte av kunnskapen sin om utviklinga av myrene frå istida og framover. Markaslåtten på myrene var uhyre viktig. Den gav mat til fleire dyr enn heimgarden kunne fø, og dermed meir gjødsel til innmarka og meir for til dyra. Moen har kartlagd 250 høyløer i Rindal!
I Tågdalen er det slått annakvart år, slik det var gjort på mange myrslåttar i gamle dagar. Det viser seg at ved å slå annakvart år, kan ein få dobbelt med slåttahøy samanlikna med å slå kvart år. Myra frauar seg sjølv. Ein får same avling med halve arbeidet.
- Forfedrene våre var gode økologar, seier Moen.
Blåtopp
Dette er ein grassort som veks i tuver og tek over myrene dersom ein ikkje slår graset heilt nedunder den laukaktige nedre delen av stengelen.
Først på 1970-talet vart naturvern aktuelt i Norge. På den tida vart Moen ansvarleg for plan for myrreservat, også dei som ligg sør for Vulen, Glønkjølen og Tågdalen der Yr no har ein klimastasjon.
Både dorktoravhandlingar og hovudfagoppgåver er basert på forsking i Tågdalen. Ein kan finne over 270forskjellige karplanter – medrekna 15 ulike orkidéartar, og like mange moseartar! Fortel Moen.
Både Moen og kona, Berit, er botanikarar, og begge delte av kunnskapen sin på myra ved Vaulen.
Mose
Torvmosen veks i toppen og dør nedover og blir til torv. Torvlaget veks 0,5 mm pr. år. Mose kan brukast til desinfisering av sår – den er steril. Kan også brukast til bleiar. Tørr mose tek opp 20 gonger vekta si av vatn.
På myrene duver mykje fin myrull i år
Asbjørn Moen gjekk verkeleg varm når han fekk legge ut om utviklinga av myrbiotopen.
La myra leve!
Dordi Kjersti Mogstad (over) er seniorrådgjevar i Miljødirektoratet, og heldt også eit innlegg om kor viktig slåttemarka er. Mogstad er sentral i Norge på temaet slåttemark. Ho er engasjert i ein nasjonal handlingsplan for skjøtsel av slåttemark. Vaulen er med i planen.
Mogstad presenterte ulike karakterartar som held seg mest i slåttemark.
I uthuset var det fuglekasseverkstad!
Johannes Fiske Eliassen får hjelp av bestefar med å spikre saman fuglekassen
Tuva Kvande Vraalsen får hjelp av Olav Kvande Vraalsen med fuglekassen
Erik Moen gjer klar ljåen.
Nils Røv kvesser ljåen så det syng i bladet.
Så er slåtten igang, svikt i knærne og sving i hoftene, bladet syng gjennom graset!
Dordi Kjersti Mogstad gledde seg på å dele ut premier i slåttekonkurransen!
Spenninga steig!
- og vinnaren i yngste klasse var Tor Olav Nordvik!
- og vinnaren i snior heitte Vegard!
Etterpå var jentene klare til breiing!
Nedafor ser du litt av den flotte utsikta det er frå Vaulen oppe i bakken over Krokvatnet.