Kyrkjetrim og roing
Kyrkjetrim og roing
Den årvisse «Kyrkjetrimmen» i Åsskard søndag er ein del av Bøfjordhelga. Anten ein vil gå, sykle eller ro med kyrkjebåten «Hjelmkonnå» til gudstenesta, kan ein realisere idrettsmottoet «Ei sunn sjel i ein sunn kropp».
«Hjelmkonnå» startar frå småbåthamna to timar før kyrkjetid. Men: Ein er avhengig av tilstrekkeleg mannskap, og Åsskard sokneråd og Bøfjorden Historielag ber interesserte roarar ta kontakt med Bernt Bøe eller Tore Sannes. Til gjengjeld lovar dei ei ekte oppleving av gammaldags kyrkjefart. Ein tek likevel atterhald om veret. Landvegs trim startar samtidig frå Olastua på Bø.
Sokneprest Venås forrettar gudstenesta i Åsskard kyrkje. Der er det også saftstasjon og kyrkjekaffe.
Åsskard sokneråd, Bøfjord Idrettslag og Bøfjorden Historielag samarbeider om tiltaket.
Historielaget tilbyr også middag, kaffe, musikk og kåseri på Bøfjorden Sjøbruksmuseum etter kyrkjetid.
Mean for at dagen skal bli heilt vellykka, understrekar arrangørane oppfordringa: - Bli med på kyrkjetrim! Ikkje minst treng vi roarar. Utan mannskap blir det ingen tur med flotte «Hjelmkonnå»!
Søndag kan «Hjelmkonnå» leva opp til siin tittel som «kyrkjebåt». Her frå turen i fjor.
Ein kan følgje skogsvegen langs fjorden til kyrkja. Her er Torbjørg Settem (nærast) og Inger Lise Heggem under trimmen i 2012.
To- og firbeinte ved trimløypa. Frå venstre Randi Irene Bæverfjord, Bernt G. Bøe og Leif K. Bøe.