Kyrkjekveld i Åsskard
Måndag blir det ein livleg kveld i Åsskard-kyrkja. Da er 4- og 5-åringane inviterte som hovudpersonar i barnas eigen Kyrkjekveld.
Trusopplæringsleiar Bodil Kvam Aasbø og soknerådet opnar kyrkjehuset. Dei små kyrkjeeigarane får bli kjende både med huset og med kvarandre. Kanskje får 4- og 5-åringane prøve både orgel og kyrkjeklokker og meir til i det leikprega programmet.
Bodil vil vise forteljingar og songar frå Kyrkjeboka som 4-åringane får utdelt under gudstenesta komande søndag.
På kyrkjekvelden deltek også den nye medliturgen Maja Bele Dyrendalsli, klokkar Randi Bøe, organist Bernt Bøe og Jane Nordstrand Svendsli - som lovar sveler, saft og kaffe i kyrkjestua.
Bodil Kvam Aasbø (t.v.) og Maja Bele Dyrendalsli håpar mange 4- og 5-åringar kjem til Åsskardkyrkja måndag kveld.
Tekst og foto: Bernt Bøe