Kyrkjebok og dåp i Åsskard

Søndag er det stor kyrkjedag i Åsskard. Vesle Emrik skal døypast, og alle 6- og 7-åringar som møter opp, får «Mi Kyrkjebok».

Onsdag var det førebuande «Barnas kyrkjekveld», der mange deltok med liv og lyst. Alle fekk «ta i bruk» kyrkja si – somme leika dokke-dåp, somme brukte lysgloben, andre fekk lyd i kyrkjeklokkene og orgelet.

A 2014 03 05 Kyrkjekv Åssk v Boka.jpg

Elsa Jensvold med fengande forteljing frå 6-årsboka.

B 2014 03 05 Kyrkjekv Åssk k Prosesjon 3.jpg

Her er det prosesjons-øving til søndag.

C 2014 03 05 Kyrkjekv Åssk e Dåp 4.jpg

Elisabet og Håkon var med og døypte dokka «Ola».

D 2014 03 05 Kyrkjekv Åssk h Orgel 1 Abel.jpg

Abel var organist ei lita stund.

E 2014 03 05 Kyrkjekv Åssk g Klokka 1 Lasse.jpg

Lasse hang verkeleg i klokketauet – og lyd vart det!

F 2014 03 05 Kyrkjekv Åssk s Kåre M.jpg

Kåre Magnus tente lys i globen.
 

Det var øving på både songar og prosesjon. Trusopplærar Elsa Jensvold opna «Mi Kyrkjebok» på glytt og fortalte med flanellograf-bilete om blinde Bartimeus.
 

Mykje av dette var førebuing til søndagens gudsteneste. Der vil barna delta med song og prosesjon, og der får altså 6- og 7-åringane utdelt «Mi Kyrkjebok» (6-årsboka) som gåve frå kyrkjelyden. Både dei og lille Emrik er hovudpersonar denne kyrkjedagen. Og så blir «Amigos»-barn med og syng!


Gudstenesta blir leia av Bjørn Hovde. Elsa Jensvold aktiviserer barna også denne gongen – med songar og med forteljinga om den barmhjertige samaritanen.


Samlinga blir avslutta med saft og kaffe i Kyrkjestua – som vanleg.


Tekst: Bernt G. Bøe

Foto: Heidi Solem