Kyrkjeblad logo_700x340

Kyrkjebladet klart med påskeutgaven

Kyrkjelydane i Rindal og Surnadal gir saman med dei andre kyrkjelydane på indre Nordmøre ut Kyrkjeblad for indre Nordmøre. Alle husstandane har fått det i postkassane sine i dagane før påske. For deg som bur utanom distribusjonsområdet - eller ikkje finn att bladet - ligg det nedlastbart på nettsida til kirka i Rindal og Surnadal!


Kjenner du nokon som bur utanfor distribusjonsområdet, så kan desse også få tilsendt bladet i posten. Send epost til kyrkjeblad@gmail.com. 

Kontingenten er frivillig for alle, men bladet er avhengig av denne sidan det er einaste inntekta utanom nokre takkoffer! (gironr.4050.40.46232)  


I dette nummeret kan du lese artikkelen Framtida om kyrkja (lett redigert frå Trollheimsporten!), om arbeidet til dei nye sokneråda og referat frå eit gudstenesteseminar med Kristin Solli Schøien (bildet).

Elles er det mange som les midtsidene med lister over gudstenester, døypte, vigde og døde.

Last ned heile bladet frå heimesidene til kirka i Surnadal og Rindal!