
KVIFOR SV ?
Dei viktigaste sakene for SV i lokalvalkampen 2011 gjeld
*utdanning,
*omsorg,
*miljø og
*rettferdig fordeling.
SV ønsker at kommunen skal vere stimulerande og trygg for barn og unge i oppvekst og utvikling, samtidig som her og skal vere trygt og godt for eldre og dei som treng ekstra omsorg. Miljøut-fordringane må takast på alvor. Vi må tenke framtidsretta både når det gjeld å ta vare på vassdrag, kulturlandskap og dyrkamark og når det gjeld energibruk, transport og næringsutvikling.
SV prioriterer miljø framfor uhemma vekst, velferd og fellesskap framfor privatisering, solidaritet og demokrati framfor pengemakt. Dette betyr m.a. arbeid for likestilling og likeverd og mot diskriminering og rasisme. Det betyr og vekt på kulturaktivitetar og kulturtilbod for alle. Og det betyr at SV vil at kommunen skal vere ein god arbeidsgjevar for dei som arbeider der, med gode arbeids-vilkår innanfor m.a. helse, omsorg, skole og kultur. Og dette betyr igjen at vi i fellesskap – gjennom skattesystemet - må sikre ei god og stabil økonomisk finansiering av fellesgoda.
SV stiller til val for å få størst mogleg gjennomslag. I praksis skjer det gjerne i nært samarbeid med andre parti, slik det for tida skjer i raudgrønt samarbeid i rikspolitikken. SVs gjennomslag i slikt samarbeid, spesielt i saker der SV prioriterer sterkare enn våre mest naturlege samarbeidspartnarar, er avhengig av den oppslutninga SV har fått i val. Det gjeld i dag særleg i saker som handlar om fordelingspolitikk/sosial utjamning , miljøpolitikk, og integrering/internasjonal solidaritet. SV ønsker eit levande demokrati og god oppslutning om valet.
Og dess fleire stemmer SV får – dess lettare får vi resultat !
Eivind Hasle
Surnadal SV
(Med på bildet, frå venstre: Dei 2 fremste kandidatane på SV-lista i Surnadal, Eivind Hasle og Anita Land, saman med lokallagsleiar Harald Myrås.)