Kvifor gudsteneste
Hensikta med gudstenesta er å feire gudsteneste, sa Bjørn Hovde i innlegget sitt på årsmøtet for Rindal Sokn på Lomundsjø bedehus søndag kveld. Han heldt eit innlegg om den nye gudstenesteordninga som skal innførast i løpet av 2012.
Bjørn Hovde er sokneprest i Nesset, og har nettopp vore på kurs om den nye gudstenesteordninga. Dette er ei pålagt reform, men det betyr ikkje at ein ikkje kan halde fram som før. Det er viktig at ein kan forandre seg.
"Viss vi ikkje forandrar oss, så er vi døde," sa Hovde.
Forandringar skjer utan at ein merkar det. No skal vi stoppe opp litt og sjå kva som skjer, ta kontroll over det og tenke gjennom korleis gudstenestelivet er hos oss.
Denne reformen er ikkje ein revolusjon. Det sentrale står ved lag, men kyrkjelydane får mange alternativ å velge mellom. Gudstenestene vil kunne variere mykje meir enn slik vi opplever det i dag om vi møter til gudsteneste i ei anna kyrkje enn vår eigen.
Dei 5 hovudledda i gudstenesta står ved lag: Inngang med Kyrie og Gloria, Ordet, Forbønna, Nattverden og Utgangen med velsigninga. I tillegg hører sjølvsagt salmesongen med.
I løpet av året skal kyrkjelyden uttale seg og Soknerådet bestemme korleis gudstenesta skal bli i Rindal.
Avtroppande soknerådsleiar Elsa Jensvold la fram ei fyldig årsmelding som viste at 2011 har vore eit aktivt år i Rindal sokn. Vi nemner særleg 100-årsjubileum for Øvre Rindal kapell og nytt tak på Rindal kirke. Vi reknar med at heile den illustrerte årsmeldinga kan bli å finne på heimesidene til kyrkja i Rindal og Surnadal.
Elles kan du lese alt det som Trollheimsporten har skrive om kyrkjeleg aktivitet og dei fleste preikene til sokneprest Lene Gåsvatn på desse sidene under Trollheimsporten!