Aktørar_690x378

Kvardagskultur ein kvardagskveld

Tirsdag kveld var det duka for vaksenfilm i Storstuå i Surnadal Kulturhus etter publikum å dømme. Vi fekk oppleve filmen "Hesjing i Sandnesset" og mesta alle aktørane.

Aktørane ser vi på bildet øvst: Først filmskaparen Eistein Bæverfjord, så Ragnhild Mikkelsen, Lars P. Hamnes, Gudrun Moen, Ola Sæther og Øyvind Holte.

Filmen var svært godt laga med varierte scener og mellominnslag medan hesjinga gjekk føre seg i Sandnesset. Talen var og klar og tydeleg for oss som kjenner dialekta. Humringa og kommentarane i salen, og ikkje minst etterpå, viste at filmen trefte alle hesjarane som sat i salen.

Det er verdifull kulturhistorie Eistein Bæverfjord her har sikra oss for ettertida. Neste gong ein kan oppleve denne filmen blir i Vårsøghelga. Vi ser fram til neste produksjon frå Bæverfjord, - kanskje det blir om stetfisking?

Sjå kva Trollheimsporten skreiv om filmen tidlegare her!

Bæverfjord hadde også sikra seg eit lag gode medspelarar for å gje publikum ei musikkalsk oppleving.

 

Nils Røv hadde han med seg alt i innleiinga. Nils slapp også til med sine minne om hesjing i Mogrenda i sin barndom. Han delte også ein melodi han kalla "Dårleg Høytørk Blues" med oss.

Jonse Settem, vokal og Per Olav Bredesen, bass slutta seg til Nils og Eistein.

Så fekk vi høre mellom anna både Grindbakkvalsen etter Rolv Storholt og flattango med godt samspel mellom trekkspell og bass, før programmet avslutta med "Fager kveldssol" og heile salen song med.