Kvalitetskonsert med Turid, Torunn og Tor
Dei nær 70 frå Rindal og dalstroka rundt som møtte til konsert i Rindal kirke denne søndagskvelden gjekk glade heim etter ei fin konsertoppleving med Turid Røen Kroknes, Torunn Kroknes og Tor Strand som bød på stor variasjon.
Konserten opna med ei avdeling med orgel som akkompagnement, og i andre delen akkompagnerte Tor Strand soloinnslag og duettar på piano. Det var godt å høre på det fine samspelet mellom aktørane. Her var det mykje erfaring og musikalitet.
Programmet varierte frå Se solens skjønne lys og prakt med folketone frå Rindal, via Knut Nystedt og Rolf Nyhus, til klassikarar som J.S.Bach og Vivaldi, til å lande på Nordmøre igjen med tekster av mellom andre Eldrid Lauvsund frå Tingvoll, og Hyldbakks Nordmørsminne til slutt.
Som ekstranummer fekk vi høre Ove Røsbak og Henning Sommerros vakre song Håpet er ei stjerne i ein tett duett mellom mor og datter.
Sjølv om denne konserten visstnok var det første mor og datter hadde i lag, i alle fall utanom Halsa, så var dei godt samkjørte. Stemmene deira er nokså like, sjølv om ein hører at mor Turid er fyldigare. Det er nok ikkje siste gongen vi hører dei i lag.
- Det er noko heilt spesielt med å synge i heimbygda mi, Rindal, seier Turid, og ho takkar alle som kom i kyrkja og gjorde kvelden til Torunn og henne så fin.
Rindalskjerka har om muleg enda betre akustikk enn ho hadde før restaureringa etter brannen i tårnet. Det vart sagt at malingsstrøket på veggene og den nye golvløparen vart eit pluss.
Arrangør var Arena:Kirke.