Kvalitet på badevatnet
TrollheimsLab AS har i samarbeid med Meldal kommune og Miljøretta helsevern for kommunane Rindal og Surnadal analysert vassprøvar av badevatnet i kommunane. Alle prøvar viser god kvalitet på badevatnet, så dersom vi skulle være så heldige at sola kikkar fram, er det berre å ta seg ein dukkert! Her finn de resultata: Rindal, Surnadal og Meldal og du kan lese meir om korleis vassprøvane blir gjort inne på saka.
Oddrun Persdotter Fiske var på Rørvatnet og møtte mange frå Småtrollveka som var interesserte i kva ho skulle gjere. Det fekk dei god forklaring på. Nedafor tek ho vassprøve for å måle kvaliteten på Rørvatnet.
Nokre av desse badeplassane er offentlege badestrender, medan andre er meir private. Vis hensyn. Om stranda ikkje er å rekna som offentleg strand, kan det likevel vera interessant som prøvetakingspunkt for kommunen.
Det blir gjennomført prøvetaking nokre gong kvar sommar. Dette er avhengig av både vermelding og ferieavvikling.
Det finst ei norsk og ei europeisk norm for å klassifisere kvaliteten på badevatnet. Her har vi valgt å bruka den norske.
TrollheimsLab AS er medlem av Trollheimsporten og driv med analyse av drikkevatn og mat. Mange har private brønnar både heime og på hytta og lurar på korleis vatnet sitt er.
Ta kontakt med TrollheimsLab dersom du ønskjer å få teste vatnet ditt.