Kva vil du vætta?
Da olje- og energiminister Ola Borten Moe besøkte Landsem Miljøfjøs tirsdag ettermiddag var det dette spørsmålet Ingebrigt Landsem stilte etter velkomstorda. Deretter fekk han ein grundig og humørfylt gjennomgang av miljøfjøset.
Edith Solheim Landsem og Ingebrigt ønsker statsråd Ola Borten Moe velkommen til Landsem Miljøfjøs.
Ola Borten Moe, Ingebrigt Landsem, Edith Solheim Landsem, Nils Håvar Øyås, leiar av Surnadal Senterparti og ordførar Ola T.Heggem utafor Landsem Miljøfjøs.
Landsem Miljøfjøs er eit pilotprosjekt i å bruke tre som byggevirke, og det fekk støtte frå Innovasjon Norge. Ingebrigt kan fortelje at det har vore mange besøk i fjøset det halvanna året det har vore i bruk.
I byggeperioden var det godt og tett samarbeid mellom byggherre og odelsbonde Jon Landsem, Solem Sag og Rindalstre under arbeidet med sjølve trekonstruksjonen. Jon er utdanna tømrar, agronom og master innan byggeteknikk og arkitektur frå Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås og har teikna bygget.
Om eit par år flyttar han og kona hit til odelsgarden og tek over drifta sjøl. Edith og Ingebrigt flytter da til kårhuset litt utom tunet.
Fjøset har naturleg ventilasjon – ingen vifte. Lufta kjem inn gjennom regulerbare spalter i gavlen og går ut gjennom opningar langs mønet.
Her får ministeren sjå spekalvbingen og kalvebingen. Det er varmelamper i den delen av fjøset.
Siste vinter var ein kaldvinter. Med naturleg balansert ventilasjon var lågaste middeltemperatur 5 grader.
Etter at kyrne kom inn i nyfjøset og dei vart vande med mjølkeroboten, auka mjølkemengda, og no ligg den i snitt på rundt 30 liter pr ku i døgnet.
Mjølkekvoten er på 392 000 kg, og fjøset har 50 melkekyr. Av disse er det 42 som melker nå., og totalt er det 104 dyr i fjøset, kunne fru Edith lese av dataskjermen.
Det er godt dagslys i fjøset, og ein merker seg at kyrne er rolege og stille, eit teikn på trivsel.
EL-CO i Rindal har levert det elektriske lyssystemet i fjøset. Det regulerer lyset slik at det blir optimale forhold for kyrne. Dette har også vore med og auka mjølkeproduksjonen for kvar ku. Dette kan du lese om her hos Elmagasinet.no.
Les meir om bygginga av Landsem Miljøfjøs på dette oppslaget på Trollheimsporten.
Vi ser av knappen på jakken til Ola Borten Moe at han er på valgkampturne for å støtte Jenny Klinge som kandidat for Senterpartiet i Møre og Romsdal.
Kyrne kan gå ut og inn av fjøset som dei vil om sommaren. Dei lurer nok på kven som kom på besøk.