Leserinnlegg

Kunsten å leggje ned ein skule

Å legge ned skular er ikkje vanskeleg. Trendar og effektivitetshensyn sørgjer for at ein alltids kan finne støtte om ein ønskjer å kvitte seg med ein liten skule eller tre. Ein kan velje den mest utbreidde måten å gjere det på, eit enkelt politisk vedtak, fort og gale – og vips – er den skulen historie. Eller ein kan prøve ein meir kreativ og intrikat måte å gjere det heile på, om ein har overskudd til det, skriv Nora Vetleseter Bøe og John Heggem dy i dette leserbrevet.

Dette finn du og på Leserinnlegg på Trollheimsporten, der alle innlegg no føre valget kjem.

Den som ønskjer ei slik løysing, kan vurdere Surnadal kommune sin variant - administrativ samanslåing av skular. Noko meir omstendeleg enn direkte nedlegging, men garantert både effektiv og pinefull.

Etter ein krevande runde med debatt om skulestruktur for vel to år sidan, klarte vi å unngå nedlegging av grendaskular i kommunen. Dei politiske partia slo etterkvart fast at den gjeldande strukturen skulle bestå. Få dagar før det avgjerande kommunestyremøtet kom rådmannen sitt kort ut av ermet: eit forslag om administrativ samanslåing for fire av grendaskulane. Stangvik og Todalen skulle bli ei eining og Bæverfjord og Bøfjorden ei anna.

Det følgde ingen klare føringar med for kva denne ordninga i praksis skulle innebere, det var inga rådføring med ungar, foreldre eller tilsette på førehand, ingen høyringsprosess. Eit kommunestyrefleirtal i sommarferiemodus(?) vedtok å gå for forslaget utan motforestillingar.

Dei godtok å stemme for ei ordning ingen da visste rekkevidda av. Vi som var skeptiske til modellen vart møtt med overberande miner og ei forsikring om at dette grepet slett ikkje var første steg i retning skulenedlegging – snarare tvert i mot!

Dagen før skulestart (!) i haust dumpa det ein konvolutt ned i postkassen vår. Brevet sa at skuleåret 2011/12 skal ungen vår og dei andre bøfjordelevane gå berre tre dagar for veka på sin eigen skule. Dei to andre dagane må dei ta bussen til Bæverfjord og følgje undervisninga til elevane der. Dotter vår dreg desse dagane heimafrå 7.45 og kjem ikkje heim att før rundt 15.30. Ho skal bytte skule fleire gongar i løpet av veka og tilpasse seg to ulike læringsmiljø og to ulike elevmiljø. Ikkje vart vi spurd om det er dette vi ønskjer for dotter vår. Ikkje har vi på nokon måte søkt henne over til Bæverfjord, slik ein skal gjere om ein ønskjer skulebytte for ungen sin.

Av ulike grunnar har Bøfjorden skule vorte ein veldig liten skule dei siste åra. Ein så liten skule kan ha både fordelar og ulemper. Vi har møtt og kjem til å møte store utfordringar på grunn av lågt elevtal. Likevel har vi vald at dotter vår skal få gå på nærmiljøskulen sin fordi vi meiner det er den beste løysinga for henne. Det er eit bevisst val vi har gjort. Vi ønskjer og at fireåringen vår skal kunne vere elev ved Bøfjordskulen når den tid snart kjem, for vi veit at elevtalet i Bøfjorden kjem til å auke stort i fleire år frå og med neste haust.

Derfor føler vi oss makteslause når vi no ser at bøfjordskulen ikkje lenger er ein fullverdig skule. Ressursar som var tiltenkt Bøfjorden skule har vorte fritt disponert innanfor eininga Bæverfjord/Bøfjorden oppvekstsenter. I år har elevane berre 80% lærarressurs fordelt på dei tre skuledagane dei er her, altså ikkje ei heil stilling ein gong. Med elevtalet vi hadde før skuleferien var vi tildelt 220% til skulen vår.

Når vedtaket om samanslåing vart gjort var det ein føresetnad at kvar skule skulle ha ein rektor. No har vi ingen i Bøfjorden. Som forelder har eg aldri sett noko dokument som viser kva denne omorganiseringa verkeleg inneber. Kvifor har vi som blir berørt av så store forandringar aldri fått denne informasjonen?

No viser det seg at på grunn av den samanslegne strukturen har eininga felles budsjett for dei to skulane og einingsleiar, som i vårt tilfelle er rektor ved Bæverfjord, har faktisk fullmakt til å flytte midlar, elevar og tilsette fritt mellom dei to skulane. Som ein følgje av denne praksisen sit Bøfjorden skule i år att med ein så skrapa og uforsvarleg ressurssituasjon at det etter vår meining er ein hån å kalle han ein fullverdig skule.

Med dette vedtaket i hand held no skuleadministrasjonen på og utraderer skulen vår – neste gong kan det vere Todalen skule sin tur. Var det verkeleg dette fleirtalet i kommunestyret ville da dei vedtok den administrative samanslåinga?

Alt fører oss tilbake til dei som sit med makta, kommuneadministrasjonen og politikarane. Administrativ samanslåing av skular er vedteke med alle dei fatale konsekvensane ho no viser seg å få. Med dette vedtaket i ryggen kan skuleadministrasjonen eigentleg gjere akkurat kva dei vil med dei minste skulane, utan at foreldre, ungar eller andre treng spørjast om noko som helst. Skuletilbudet ved ein skule kan utarmast og skjerast ned til det uhaldbare utan at dei som blir berørt har noko dei skulle ha sagt! Til slutt sit ein att med ein skule med så lite ressursar at mange foreldre ikkje lit på at han er bra nok for ungane deira og kanskje søkjer dei til andre skular. Det er svært nærliggjande å tenkje at dette er ein villa og nøye planlagt politikk frå dei som styrer i Surnadal si side!

Og midt i dette har dei største partia proklamert, svart på kvitt i partiprogramma sine, at skulestrukturen i Surnadal skal vere uendra i valperioden – ein skule skal bevarast så lengje foreldra ønskjer det. Det spørst kor lenge foreldre orkar det, kjære politikarar! Med den samanslegne organiseringa vi har no, er ikkje den politiske garantien for bevaring av grendaskulane verdt papiret han er skriven på!

Om politikarane vil stå ved valprogrammet sitt og behalde grendaskulane, kan ikkje ordinga med administrativ samanslåing fortsette som i dag. Evaluering av ordninga har vore etterlyst i lang tid, og no må ho komme straks, om ikkje kommunen skal miste all tillit og truverd i denne saka.

Vi forventar derfor at dei politiske partia skal seie det som det er – vil dei legge ned Bøfjorden skule, med eller utan hjelp av administrativ samanslåing, eller vil dei at vi skal ha eit fullverdig skuletilbud i Bøfjorden i framtida?

Nora Vetleseter Bøe og John Heggem dy