Kunst er meir enn galleri
Utstillinga Vintersyn, som opna i Galleri Finstuå i Surnadal Kulturhus laurdag, er meir ei utstilling av bilde frå ein prosess enn ei kunstutstilling. Den prosessen fann stad på Åsen siste haust.
Med utgangspunkt i surnadalsdialekta, ein nedlagt knappefabrikk og leikar frå gamle dagar arbeidde lokale ungdommar i lag med performance-kunstnaren Karianne Stensland fram mot ei visning på Surnadal bygdemuseum hausten 2018.
Les kva Trollheimsporten skreiv om dette i august i fjor!
Utstillinga Vintersyn viser foto som Marion Otterlei og Olav Karlstad har teke medan ungdomane og kunstnaren Karianne Stensland bruka knappane på mange forskjellige måtar. Her var prosessen like viktig som resultatet.
Dei som var med på denne performancen lærte mykje og likte seg godt, fortalde Marit L. Moen.
Prosjektet som dei kalla «Casolith, knapp, prat og leik», er Surnadal Kunstforening sitt bidrag i det nasjonale prosjektet NåDa, eit prosjekt om samtidskunst og kulturarv for ungdom i alderen 12–18 år.
Knappane stammar frå Bævre Knappefabrikk som Johan Bævre (f.1897) starta og dreiv i lag med 5-6 medarbeidarar.
Der vart kvar knapp handlaga. - Knappane vart handfore tre gonger, fortalte Marit L. Moen, som er ledar i Surnadal Kunstforening.
Knappane vart laga av herda kasein, eit ostestoff. Det vart levert i flak. Knappane vart stansa ut av flaka. Så vart dei findreia med ulike falsar, før holmaskina stempla hol i dei. Til slutt vart dei polerte i ein trommel med.sagmar.
Fire av dei fem jentene som var med på prosjektet på Åsen framførte ein eigen versjon av The Cup Song, «Du kjem te å savn me når e e bort’»
Fremst: Marion Torsø og Marit Bergheim. Bak: Ellbjørg Megård Reiten og Lisabet Storslett
Jentene fekk applaus, roser og gruppebilde frå Åsen (nedafor)
Mette Sæter Ormset og Britt Kristin Reiten konsentrerer seg om ei enkel leike med knapp tredd på ein tråd.
Brit Smenes er barnebarn til Johan Bævre og har opplevd arbeidet på knappefabrikken.
Knappar er inspirerande både å dekorere med og leike med. Underteikna hugsar godt barndomsdagane med besøk oppå Bakkain, der eg spurte etter «krappain». Da kom norgesglaset med knappar fram på bordet, og dagen var redda!
Bilda som er utstilte i Galleri Finstuå er tilsalgs, og utstillinga er open til 17. mars.