
Innsendt av Bernt G Bøe, for Bøfjorden Historielag
Kulturvandring på Settemsørane
Settemsørane ligg sentralt i Bøfjorden – og er sentralt tema på museet der komande søndag. Området har ei spennande historie – frå Zetumb Saug på 1600-talet via Nordmøre Impregnering til dagens Bøfjorden Sag. Her er historikk om 140 år med skule, om jordbruk, husmannsplassar, handel, post, lagsaktiviteter, sildefiske, sjøtrafikk og brubygging.
Programmet startar på Bøfjorden Sjøbruksmuseum med lysbildekåseri ispedd eit par mulege overraskingar. Som Avslutning blir det guida vandring langs sagbrukstomter, skulebygg og busetnad frå gammal og ny tid på sjølve Settemsørane. Mykje personhistorikk blir også trekt fram i løpet av dagen.
Trykk på bildene for å se dem større!