Oppdatert 24/7
Kulturvandring i Bøfjorden
Komande søndag blir treffet på Bøfjorden Sjøbruksmuseum utvida med kulturvandring på den historiske garden Heggem.
Programmet startar til vanleg tid på museet med rask bilet-vandring gjennom gardens uvanleg rike kulturhistorie. Deretter blir det omvising ved Austistua og ein tripp langs Utistua til tuftene av gamle Heggem skule.
Oldfunn fortel om folk på Heggem alt frå steinalderen. Opp gjennom hundråra har garden stått sentralt i utviklinga i Bøfjorden.
Stikkord på kulturdagen er pilfunn frå steinalderen, brev frå 1303 om husfrøya Gyrid (Drifasætre), soldaten Ola (i svenskehæren på 1600-talet), «han Erk Lånn’» som trylla med Svartboka, utskiftinga i 1864, kjempealmen ved Utistua, dampskip og post, foreiningsliv, dokument om fattighjelp og telefonutbygging, Heggem Skole (1893), gardskraftverk, sagbruk og kornmølne, historiske husbygningar – og dramatikk frå krigens dagar. For å nemne noko.
Historielaget legg praktisk til rette for at folk kan oppleva både kaffekos på museet og synfaring i kulturlandskapet kring Heggemsgardane.
Sjå plakat nedanfor!
Fram til 1864 stod alle bruka på Heggem samla her ved den noverande Austistua.
- Det kjempemessige tuntreet ved Utistua er ein over hundre år gammel alm, fortel Eirik Baatvik (t.h.), her saman med svigerdotter Hildegunn Bøe.
Både korntørka (her), mølna, sagbruket og gardskraftverket heldt hus attmed elva, fortel 16-åringen John, den åttande i ubroten rekkje med dette namnet på Heggem.