Kulturvandring a_1024x598

Kulturvandring i Bøfjorden

Søndag inviterer Bøfjorden historielag til kulturvandring «Frå bukt til bukt». Området rundt Sjøbruksmuseet byr på mykje kulturhistorie – med trafikknutepunktet Skrøvsetvika i sentrum. Programmet startar på museet - med biletserie frå historia. Bøfjord historielag er med i Trollheimsporten.

Plakat 2013 07 07.jpg

Etter denne innføringa startar sjølve vandringa ved Ådalen og Settemsbukta. Med jamne mellomrom stansar ein ved bygg og utsiktspunkt der historielagets folk informerer – gjerne med innspel frå følgjet.

Av kjent og ukjent frå eldre og nyare tid som blir trekt fram, er som Bøfjordens Meieri (1890-1913), sildfiskeri på fjorden, gamle vegar og personportrett. Bedehuset Betania er no 80 år. I Skrøvsetvika var det handel, post, gods- og passasjertrafikk og naust for sildnotbruka.

Skrøvsetskjeret – attmed det noverande  museet - hadde skipsverft og fiskeindustri.  På Skrøvset var det hollender-sag, og ute i Bakken dreiv handelsmann Vågen si enkle forretning.

Dessutan har sjølve museumsbygget ei rik fortid som ungdomshus og kinolokale.

Historielaget vil understreke at ingen treng å kvi seg på slitsam vandring: Det blir ordna med grei bilskyss for alle som ønskjer det! Ein håpar søndagens opplegg vil freiste mange til å bli kjent med eller gjenoppleve ein fargerik del av nordmørsk og bøfjordsk kulturhistorie.

Samtidig er museet base for opplegget - med kaffe og tilbehør som vanleg.

Klikk på bileta under og sjå dem større og i serie:

 

Kulturvandring a_1024x598
Skrøvsetvika var handelsstad og trafikknutepunkt frå 1900.
Kulturvandring b_1024x698
Denne bygninga – som var «Bøfjordens Meieri» - står no i Valsøyfjorden.
Kulturvandring c_1024x570
Dampskipa «Bøfjord», «Skrøyfa» og «Hjelmen» ved Skrøvsetskjeret etter sildetur til Island rundt 1920.
Kulturvandring d W Wilhelmsen i Skrøvsetvika #_1024x622
Redningsskøytebesøk i gamle Skrøvsetvik.
Kulturvandring e Båt Skrøyfa Bygging NY Scan_1024x702
«Skrøyfa» under bygging ved Skrøvsetskjeret vinteren 1914-15.
Kulturvandring f Ved Orsetbua 1940_1024x611
Muntert attmed Orsetbua i 1940: Erling Sæthervik, Klara Røsand (Bæverfjord), Olav Bæverfjord, Lars Settemsdal (Gammel-Oppigard) og Marit Skrøvset (Solem).
Kulturvandring g Rutebåt_1024x678
Rutebåten «Nordmøre» med folk og gods i Skrøvsetvika ein gong rundt 1960.
Kulturvandring h SILDJAU 1940 Skrøvsetskjeret_1024x595
Sildsjau på Skrøvsetskjeret 1940.