
Kulturskulen med “gau” forestilling om Rødhette
Haren advarer Rødhette mot å gå inn i skogen. Alle foto: Norunn Holten
Dei unge skodespelarane har øvd sidan jul på stykket som vart presentert for publikum i Storstuå. Det var meininga at framføringa skulle vera i vår, men alt gjekk ikkje etter planen, og dermed vart det oktober i staden. Uansett: Dette var verdt å venta på, for her var det mange unge talent som fekk utfalde seg. Regien var også god. Gerd Ingrid Kvendset som har omarbeidd dette eventyrmanuset frå svensk, har gjort ein god jobb og frigjort seg akkurat passe frå den kjente eventyrteksten til at det her vart nokre overraskingar også for dei som måtte vera godt kjente med “Rødhette” frå før. Det vistest også at gruppa hadde fått med seg ein fagperson på arbeid med kulisser, nemleg scenografen Carsten Andersen. Dessutan må dei unge aktørane få pluss i margen for god diksjon. Det var jo også spesielt viktig denne gongen på grunn av det unge publikummet til forestillinga.
Dei som var inviterte som publikum, var nemleg barnehagane i kommunen. 2. klasse frå Øye skule var også i salen. Publikum var heilt med heile tida, og det var kanskje ikkje så rart. Her var det både skumle og artige sekvensar. Aktørane på scenen var også flinke til å henvende seg direkte til publikum enkelte gonger, og på den måten få dei med seg. Rolleliste: Rødhette: Randine Sæter, Ulven: Ida Catrine Sogge, Bestemor: Else Nordvik, Mor: Maren Husby Haugen, Haren: Vilde Johannessen Mikkelsen, Jeger: Iselin Øye Vullum, Skogvaktar: Ingunn Bævre, Katten: Line Mogstad.
Det er i dag fem grupper som driv med drama ved kulturskulen, og alle har kvar sine prosjekt på gang. Dei eldste er i gang med øvingane på Dalapop, eit musikkspel der dei skal sjå tilbake på popens ungdom i Surnadal. Det er nok derfor berre å vente i spenning på neste framsyning frå kulturskulen.
Her blir Rødhette og Bestemor redda ut av magen på ulven.
Ein flott gjeng med aktørar takkar for seg etter forestillinga.