Med fokus på "Ola-Maret Surndala"
Kulturminnedag på Åsen
«Ola-Maret Surndala» er tema under kulturminnedagen som blir markert på Åsen bygdemuseum søndag kl. 14.00. Arrangementet sett fokus på surnadalshistorie og surnadalingar som har levd tidlegare, frå steinalderen og fram til i dag. Mellom anna får publikum høyre om ein mystisk framand på Årnes, meir kjente Gisle Sursson, historia om «mannbjønnen» og mykje meir.
I samband med arrangementet vil det også bli stilt ut ein del gamle bilete av folk og aktivitetar frå bygder og grender i kommunen. Nokre er frå fotografiets barndom, andre frå vår nære fortid.
Alle er velkomne til Åsen på søndag! Arrangementet er gratis!