Hopsetra

... med Stangvik histrorielag

Kulturlandskapsvandring i Ålvundfjorden...

Torsdag blir det vandring i kulturlandskapet rundt fjordbotnen i Ålvundfjord. Det bil fleire omvisarar. Opplegget blir etter same lest som i fjor da avslutninga av turen regna bort. Oppmøte ved skulen i Ålvundfjorden kl. 19.00. Det blir orientert om dei mange endringane i området både i landskap og bygningar berre siste 30 åra. Det er Stangvik historielag som arrangerer.

Vi startar ved "A/S Møkkafrost" ved skulen, går nedover til idrettsplassen, innover Øran forbi Ørahusa og saga før vi går over brua til vi snur ved pakkhuset  i Vågaholet. Det blir stopp på vegen for å sjå på og kommentere landskap og kulturminne slik dei var iflg eldre bilete og slik dei er no. Vi vil få repetert opplysningar bl.a. om rokkverkstad, gamle fjøs, kva kvernene i bygda sa. Kommentarar «originalar» i tidlegare tider hadde til minneverdige , men kanskje ukjente hendingar høyrer og med.

For å sikre oss mot dårleg ver, blir avslutninga lagt til puben ved Fugelvåg camping. Der blir det kaffe og kanskje litt å tygge på – og da meir enn det som blir servert verbalt.

Stangvik historielag er arrangør, og alle på begge sidene av Stangvikfjorden er velkomne.
 

Hopsetra.jpg

Bildet er fra ei kulturvandring til Hopsetra i 2011.