tp_leserinnlegg

Kulturhus-areal «reservert til hotellets gjester»?

Grensetrekkinga mellom offentleg og privat skaper rett som det er vanskar. Ofte ser vi at private bedrifter og privat verksemd ønsker å overta eller skaffe seg bruksretten til frie eller offentlege verdiar og offentlege skatteinntekter. Og av og til er det nødvendig for politikarane å vere tydeleg på korleis grenseoppgangen skal vere. Og ved eventuelle justeringar bør i alle fall opinionen og veljarane få forklaring på kva som har skjedd, og kvifor.

I Surnadal har det nyleg kome opp skilt i vestibylen på Kulturhuset som avgrensar nesten fjerdeparten av vestibylen: «Reservert til hotellets gjester». Området – like ved inngangen mot sør og bussstoppen, - er bygd inn med reolar og blomsterkasse, og med ei møblering som er heilt annleis enn i resten av vestibylen. Her finn vi og informasjonstavla med bussruter og rutetider.

Vi er fleire som stussar på dette. Betyr det at det busspassasjerar ikkje lenger har tilgang til det området (ventearealet) som ligg nærast bussstoppen? Betyr det at hotellet er i ferd med å overta delar av kulturhuset? Er dette del av ein avtale mellom kommunen og Thon hotell som lokalsamfunnet førebels ikkje er informert om? Er det kanskje eit forsøk på å klargjere kulturhus-vestibylen for det skjenkeløyvet for alkohol som det forrige kommunestyret så kontroversielt gav i forrige løyvingsperiode?

I alle fall er det både naturleg og ønskeleg at lokalsamfunnet blir orientert om kva som skjer på den viktigaste møtestaden og fellesarenaen i kommunen.

Eivind Hasle