Krigsnotatar på museumstunet
For snart 20 år sidan vart det vist fram eit historisk spell på Rindal Bygdemuseum i samband med 50-årsjubileet for slutten av siste verdskrigen. Jon J. Storholt filma dette og laga ein CD av opptaket.
Etter uhell med harddisken heldt Jon på å miste heile filmen. No har han greidd å mana fram filmen igjen og lagt den ut på bloggen sin. Filmen handlar om livet i Rindal under krigen og fram mot freden.
Vi ser at både filmen og artistane snart er 20 år eldre.
På bloggen til Jon J. Storholt finn du også ein film frå 1950-52 om Ole Storholt, født på utistu Storholt 1861 og utvandra til USA i 1883. Jon besøkte etterkommarane hans i Orofino, Idaho i 2008.
Ole døde i 1953. Jon fekk tilsendt vieoen etter besøket. I filmen ser vi også kona Frøya og guten Frank Storholt. - Det var ganske spesielt, nesten unikt, å sjå Ole på film, seier Jon.