Krigsminne på onsdagstreff
Ingen filmskapar skapar meir interesse lokalt enn Eistein Bæverfjord. No vil han dokumentere krigsminne frå heile Surnadal kommune. Dei som kjem på onsdagstreff denne veka vil få sjå diverse kløpp frå det han har redigert ferdig så langt.
Over: Olina Halle, foto: Eistein Bæverfjord
Forutan å fortelje om arbeidet med filmen, vil han også ha med seg Olina Halle på treffet. Kona til Eistein; Dagmar, har digitalisert ein god del memoarer for Olina, og ut ifrå det vil Eistein stilla henne nokre spørsmål, både om krigsåra nede i Todalen og det interessante og strevsame livet ho har levd på Kårvatn.
Olina har vore ei danseglad dame, og no har Eistein mellom anna tenkt at ho skal få stå til rette for dei lovbrota ho og mange andre var med på under krigen, etter at det vart innført danseforbod i Norge i 1942.
Eistein ser gjerne at det kjem fleire på treff, som har interessante og harmlause minner frå krigen, slik at det kan bli ein dialog mellom scena og publikum. I ettertid verkar mykje av det rimeleg harmlaust, så vi vil neppe møta angrande syndarar på onsdagstreffet 8. april kl.13.30 ...
Henkel 111; flytypen som vart mest bruka under terrorbombinga i dette området.