Kreative kunstnarspirar
«La meg skape» var mottoet for Barnehagedagen 2018 som Fagforbundet og Utdanningsforbundet arrangerte tirsdag for alle dei 60 førskolebarna i dei 9 barnehagane vi har i Surnadal.
Skapinga foregjekk på fem stasjonar rundt om i Surnadal Kulturhus. Gruppene av skulestartarar hadde 20 minutt på kvar av stasjonane.
Til lønsj fekk alle servert baguettar og vatn til drikke i foajeen på kulturhuset. Heile arrangementet var sponsa av dei to fagforbunda som arrangerte Barnehagedagen 2018.
Det var Elin Merete Hamnes Bøklep, Else Johannessen og Mona Hyldbakk som var ansvarlege for opplegget.
Else Johannessen instruerte i dans.
- E vart sveitt, sa ei av jentene, og av videoen nedafor ser du kvifor!
Neste stasjon var veving.
Slik vart dette kunstverket når siste gruppa var ferdige! Dei visste ikkje kvar det skulle etterpå, så kjøpar kan sikkert melde seg til ein av barnehagane!
Maling
Bygging
Her har Hans fått ei stor boligblokk framom seg!
Huset er ferdig, men det må bu folk i husa! Første innbyggaren er ferdigteikna og skal klippast ut.
Utkledning
Bortsett frå dans, så var det her det var mest fart på kunstnarane. Det var så mykje som skulle prøvast på!
Diva 1
Diva 2
Tigerklovn?
- Så var det dans etterpå, heile gjengen drog over til Råkk på hotellet for disco!