bilbran1

Kraftig bilbrann i Øvre Surnadal

Måndag ettermiddag var det ein kraftig bilbrann i Øvre Surnadal. Brann, ambulanse og politi var raskt på plass og fekk kontroll på brannen, men bilen var heilt utbrent.

Sjåføren hadde vore ute med bilen og parkert den i garasjen. Vel inne i huset kika ho ut vindauget og såg røyk frå garasjen. Da sprang ho ut og kjørte bilen ut på gardsplassen – bort frå hus.

Dei prøvde å sløkkje sjølv, men kom ingen veg.

Det var ingen personskade eller bygningsskade, men bilen var heilt utbrent.

30126281_10156116580341427_389678600_o_690x460.jpg

30176626_10156116580306427_860266590_o (1).jpg

Foto: Mari Vattøy.