Kortreist mat
På Bunnpris Rindal var det lørdag Vinterfest med vekt på eit utvida tilbud av lokal mat. Sylte Gårdsslakteri, Vorpå Røkeri og Børset Bakeri stilte med smaksprøvar, og dette er varer Bunnpris vil ha i sortimentet sitt framover.
Børset Bakeri stilte med nye produkt som vi ser over.
Potetlefsa var laga med potet og kveitemjøl og speltlefsa med potet og speltmjøl. Basisen for rømme- og primsmøret var sjølvsagt ekte smør! Alt smaka godt!
Kosegrisen til Sylte Gårdsslakteri over er strikka i Rindal.
Ola Sylte byr på kjøtvarer som kokken Tor Olav Tiller skal smake på. Bak ser vi Ann Linda Bjørnstad
Han kan velge mellom salami, saltkjøtt, salta, røyka svinesteik, Olaburger, grovpølse, chilipølse og bratwürst.
Laks frå Vorpa Røkeri.
Vinterfesthandel
Tilstrømminga av interesserte var prega av at det var VM på ski i Seefeld, men varene får du tak i på Bunnpris Rindal framover.
Bunnpris Rindal er medlem av Trollheimsporten.