Lars Polden Lilli Husby og Norunn Holten

Bygdebokkontoret i Surnadal melder:

Korrektur av tekst for Åsbøen- Kårvatn

Da er arbeidet med bygdeboka for området Åsbøen- Kårvatn inne i aller siste fase. I desse dagar sender vi ut korrektur til heimane på e-post eller post. Tidsfrist for korrektur er sett til berre ei veke etter motteke e-post. Fristen for korrektur i papirutgåve står i brevet.

For å unngå feil og manglar om heimen din i den nye boka, er det derfor viktig at alle som får tilsendt korrektur, så snart råd er, sjekkar e-post og post, og les igjennom teksten om heimen sin og gir oss eventuelle tilbakemeldingar innafor tidsfristen. Kontaktinformasjon og tips om korleis du gjer endringar er vedlagt teksten.

Vi gjer merksam på at det først og framst er innhaldskorrektur vi ber om hjelp til.

Ha ei riktig god påske!

 

Trollheimsporten skreiv om arbeidet med bygdebøkene i april i fjor.

 

Bildet: Lars Polden og Lilli Husby frå bygdeboknemnda og Norunn Holten frå bygdebokkontoret. (arkivfoto frå 2015)