Korps er kult
3. trinnet ved Øye skule fekk i dag hyggeleg invitasjon til å melde seg som aspirantar til Surnadal skolekorps frå musikantane Xinyi Lu og Karianne Holten, som gav elevane ein smakebit av det dei har lært i korpset.
Elevane lytta ivrig og smilande til Xinyi på klarinett og Karianne på kornett som vart akkompagnert av kulturskulerektor Torbjørn Larsen på gitar. Mange nikka diggande i takt til Joe Zawinuls Mercy, Mercy, Mercy framført av blåsarane.
Ledar for Surnadal skolekorps, Kristin Holten, hadde ein flott bildepresentasjon av korpset og instrumenta dei kan få opplæring på, og elevane lytta og deltok aktivt i samtalen. Dei kjente att korpset på 17.-maibildet, og ein av elevane slapp ut eit «bra!» Alle medaljane på korpsmusikarane imponerte også!
Når ho viste fram bilde av dei ulike korpsinstrumenta, kunne fleire av elevane namn på dei, og mange hadde instrument heime, så her var det håp!
- I dag har korpset berre 13 medlemmer. Derfor håper vi at fleire av dykk vil vere med, sa Holten. Øvingsdag er onsdag rett etter skulen. - Da he e ikkje tia, var det ein som sa. Det viser at barna har det travelt.
- Korps er kult, sa ho. Rett etter at skulen sluttar siste skuledag i vår, dreg korpset til Averøya for å delta i Averøyfestivalen den helga. Tidlegare har dei vore både til England og Sverige på tur. I tillegg så er korpset ein sosial samlingsplass heile året.
Ny dirigent frå hausten vert Sander van der Lo som dirigerer både Halsa skolekorps og songkoret Tormod. Han jobbar også i kulturskolen og er ein kløppar på munnspell!
Elevane fekk med seg påmeldingsskjema heim, så det er viktig at foreldra ser etter i sekken før helga.
Torbjørn Larsen oppfordra dei til å søknaden tidleg slik at han kunne skaffe lærarar. Så er det sjølvsagt lov å søke for eldre elevar! Du kan søke på nettsidene til kulturskolen også.
Dei unge blåsarane avslutta presentasjonen med I slåttatægja av Hyllbakk/Sommerro i god Vårsøgånd!