Øvre Rindal kapell
Kor Gøttj opna julekonsert-sesongen
Kor gøttj inviterte torsdag til førjulskonsert på Øvre Rindal kapell og serverte ein vakker konsert med både gamle og nye julesongar, og dei frammøtte, rundt seksti i talet, såg ut til å kosa seg stort.
Konserten starta med "Det lyser i stille grender" før konferansier Berit Moan Møkkelgård ønska oss velkomen til konsert. Møkkelgård fortalde oss om juleminnar ho har frå då ho var lita, og losa oss gjennom konserten på ypperleg vis. Det var òg lagt opp til allsong og først ute av dei var "Julekveldsvisa" før det gjekk slag i slag med songar som "En stjerne skinner", "Julenatt" og "Himlen i min famn" der Bettina Røen gjorde ein flott solistjobb. På "Mary did you know" delte koret seg opp i to, og dei djupaste stemmane gjekk opp på galleriet og song derifrå. Det gav ein fin effekt og kyrkja fylte seg med vellyd!
Ganske ny julesong i enda nyare drakt
Jo Sverre Sande`s "Takka fær det oss ha fått" hadde fått nytt arrangement av Dagrun Løset og solistar var Bjørn Børset og Bettina Røen. Dagrun hadde gjort ein god jobb med arrangementet for det lèt alldeles fortreffeleg! Den fungerte meget godt for kor!
Bjørn Børset var solist på "I denna natt" og utførte jobben på ein flott måte før Kari Nerbu på vakkert vis var solist på "Glade jul".
Organist Johanne Bjørkhaug trakterte både piano og kyrkjeorgel denne kvelden, så det blei ein del trappeløping på ho, men det såg ikkje ut til å gjere noko, for ho akkompagnerte koret på ypperleg vis, både bak piano og orgel.
I sum gav dette oss ein flott konsertoppleving, no rett før desemberen kjem, og vi fekk ein fin stund rett før "jule-stresset" set inn for fullt!
Halve koret gjekk opp på galleriet på "Mary did you know".
Bettina Røen som solist.
Dagrun Løset trakterte som vanleg taktstokken med stødig hand.
Kari Nerbu som solist.
Johanne Bjørkhaug bak pianoet......
..og på kyrkjeorgel!