Konstruktivt bygdemøte i Bøfjorden
Engasjement er viktig for bygdene våre - slik også i Bøfjorden. Sist torsdag var det eit konstruktivt bygdemøte her, der brannvern, nærbutikk og turisme var kjernesaker.
Brannvern, nærbutikk og turisme var kjernesaker da Bøfjorden Gendalag samla bygdafolk til informasjonsmøte torsdag.
Først gjorde Ingebrigt Garthe greie for brannvernsituasjonen. Med tre mils avstand til utrykningsstasjonen i Surnadal er det nødvendig å ha sløkkingsutstyr lokalt. Inge Dønheim bekrefta dette med å referere til brannen heime i Bøgeilen for nokre år sia. – Frivillige rakk å berge våningshuset fordi dei var på staden lenge før mannskap frå Surnadal kunne koma, sa han.
– Vi er ikkje formelle brannfolk og må alltid varsle sentralt når det oppstår brann, understreka ein av dei frivillige, Lars Arve Gravvold.
Det frivillige brannvernet er dugnadsbasert, og utstyr til sjølhjelpstasjonen er skaffa på billeg vis.
- Men vi har behov for offentleg stønad til utbetring, poengterte Ingebrigt Garthe.
Han orienterte også om at bygda har skaffa hjertestartar, og opplæring i bruk av denne er ei prioritert oppgåve.
Nærbutikken - eit felles ansvar
Dagleg leiar ved Coop Marked på Bølandet, May Iren Dønheim Hovde, hadde eit engasjert og engasjerande innlegg om situasjonen for nærbutikken. Lønnsemda er ikkje som ønska, og ho og andre peika på berre bevisst bruk av butikken kan sikre at den overlever. Frå salen åtvara Hallvard Brusethaug om dei negative ringvirkningane viss butikken forsvinn. – Bøfjorden blir mindre attraktiv for både fastbuande og ferierande, og verdien av hus og hytter vil gå drastisk ned.
Butikken som møtestad og servicesentral på mange felt vart elles framheva. Samtalane munna ut i positiv retning. – Vi sjøl kan sørge for at butikken vår er liv laga! vart det sagt.
Bygda har mykje å by på
Optimismen pregar det nye felles nettverket som er starta for å promotere Bøfjorden. – Vi har flott natur, dyktige lag og kan by på massevis av opplevingar for tilreisande, vart det sagt. Det blir no søkt om fylkesmidlar til dette, og mykje er alt prøvd ut.
Naturguiden «Turar i Bøfjorden» presenterer 26 vandreruter i variert landskap mellom fjell og fjord. Spennande kulturhistorie står i guiden, og skilta på fleire turpostar har AR-teknologi slik at bilete, tekst og film kan lastast ned etter kvart som dette blir lagt inn i systemet.
Skyttarlag, historielag, idrettslag, bygdekvinnelag, restaurant, nærbutikk, songkor, musikkgrupper og grendahuset med Leikarvollen Scene har mykje å by på. – Vi må informere godt om tiltaka våre gjennom kulturbrosjyrer og aktiv annonsering på Bøfjord-nett, sa Bernt Bøe og viste til at fjorårets sommarguide kunne presentere eit halvt hundre kulturarranement i bygda.
Vegsikring og fyrlykt
Ønsket om sikring av vegen mellom Bøfjorden og Settemsdalen var tema. Styret i grendalaget vil følgje opp tidlegare kontakt med vegmyndighetene om dette.
Det vart også opplyst at Bøfjorden Historielag overtek Staknes Fyrlykt frå Kystverket når ho i løpet av året blir erstatta av meir moderne navigasjonslys. Saman med Bøfjorden Småbåtforening vil historielaget plassere den 88 år gamle lykta på moloen ved Elvanesset og såleis sikre at eit sentralt kulturminne framleis får ha sin synlege plass i fjordbygda.
Bøfjorden Grendalag er ein frivillig fortsettelse av det tidlegare kommunale grendautvalet. I styret sit no Ingebrigt Garthe, Gunhild Bøklep Bøe, Sverre Egil Settemsdal, Nora Vetleseter Bøe og Anders Melling. Ingebrigt og Nora stod på valg denne kvelden. Dei vart einstemmig attvalde.
Ingebrigt Garthe (frå v.), Sverre Egil Settemsdal, Nora V. Bøe og Gunhild Bøklep Bøe utgjer styret i Bøfjorden Grendalag saman med Anders Melling, som hadde forfall denne kvelden. Foto: Bernt G. Bøe
Bilde øvst:
Ei engasjert forsamling deltok på møtet. Her under kaffepausen. Foto: Bernt G. Bøe
Tekst: Bernt G. Bøe